Hopp til innhold

Trekkjer søknad om stor utbygging i Bøelva

Midt-Telemark Energi trekkjer søknaden om den største utbygginga i Oterholtfossen og søkjer om ei mindre.

Oterholtfossen

I den skal vatnet kome ut att i elva ovanfor dei viktigaste områda for elvemusling og fisk.

– Vi såg etter høyringsrunden at det var ein del motstand. Det tok vi til etterretning, seier administrerande direktør Jon Arne Mørch Jonassen til Bø Blad.

Ordføraren er positiv

Olav Kasland (V) er ordfører i Bø.

Olav Kasland, ordførar i Bø.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ordførar i Bø, Olav Kasland er positiv til at kraftutbygginga i Bø blir noko mindre.

– Då kommunestyre sende saka over til NVE var føresetnaden at dei skulle take i vare miljøomsyna i Bøelva. Men no er det gjort av Midt-Telemark Energi sjølve, seier Kasland.

Han seier at det har gjort både utbygginga og kostnadene mindre.

– Då blir dei sårbare delane av elva teke vare på, og det er positivt, seier Kasland.

Fylkesmannen var mot

Arne Kjellsen, vassdragsforvaltar hos Fylkesmannen i Telemark

Vassdragsforvaltar Arne Kjellsen hos Fylkesmannen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Fylkesmannen har tidlegare uttala at den største utbygginga for Nye Oterholt kraftverk i Bøelva kan øydeleggje det viktigaste gyteområde for laksen i Telemarkvassdraget.

Vassdragsforvaltar Arne Kjellsen hos Fylkesmannen varsla at dei ville sjå utbyggingsplanane i samanheng med heile Telemarkvassdraget, fordi Bøelva er viktig som eit gyte og oppvekstområde for laks og aure.

Kjellsen frykta at utbygginga også kunne øydelegge for elvemuslingen, som er oppført som ein truga art på den norske raudlista.

– Laks og aure i Bøelva er også viktig for at den rødlista elvemuslingen skal kunne leve, sa Kjellsen.