NRK Meny

Kraftig auke i talet på ledige

Ved utgangen av oktober 2014 var det registrert 2945 heilt utan arbeid ved NAV i Telemark, og det er 22 prosent høgare enn oktober i fjor. For landet elles blei det 6 prosent fleire ledige i samme periode. NAV direktør Terje Tønnesen seier at alle bransjer slit, og at det vil bli fleire arbeidsledige neste år. Ingen andre fylke har høgare arbeidsløyse enn Telemark, viser tal frå NAV.