SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Jørgen Kosmo er den mest profilerte søkaren til jobben som Fylkesmann i Telemark.
I dag er han stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Vestfold, og stortingspresident.
Jørgen Kosmo er stortingspresident i dag.
Og i jobben som stortingspresident er han formelt sett nummer to etter kongen. Tidlegare har han vore forsvarsminister og arbeids- og administrasjonsminister.
- Eg har skrive i søknaden at eg ikkje har tenkt å flytte, og baserer meg på å pendle frå Horten, seier Kosmo til Varden.
Vil sitte ut stortingsperioden
Kor mykje tid han har tenkt å bruke i Telemark veit han heller ikkje enno.
- Det har eg ikkje tenkt på. Eg kjem til å halde fram som stortingspresident ut perioden og har godt til å førebu meg, seier Kosmo.
Han kan først starte i stillinga som Fylkesmann 1. oktober 2005 etter stortingsvalet, og etter at ein stortingspresident er på plass.
Kosmo har budd i Horten sidan han var 22 år og bygningsarbeider. Han flytta dit i 1969 og var bygningsarbeider i ti år før han blei valt til varaordførar og etter kvart ordførar.
Førebudd på kritikk
Kosmo innrømmer at han tidlegare har vore tilhengar av at ein Fylkesmann skal bu i det fylket han eller ho representerer.
- Det stemmer. Men etter at stillinga blei gjort om frå å vere ei livstidsstilling til å bli ei åremålstilling har eg skifta meining, seier han til Varden.
Kosmo var førebudd på kritikk for at han ikkje vil flytte, og seier han har snakka med stortingsrepresentantane Sigvald Oppebøen Hansen og Gunn Olsen om dette.