NRK Meny
Normal

Serverer kortreist flatbrød til nattverd

Lokale mattradisjonar blir tatt inn i kyrkja i Kviteseid i Telemark denne påska. I staden for den vanlege oblaten, får kyrkjelyden kortreist flatbrød i nattverden.

Created by InfoDispatcher

Kyrkjelyden i Brunkeberg kyrkje får servert kortreist flatbrød frå Skreppa på nattverden skjærtorsdag. Foto/video: Berit Heggholmen

Presten i Brunkeberg kyrkje har bytta ut den tradisjonelle oblaten til nattverden i kyrkja denne påska. Oblaten er bakt på bakeriet til diakonissehuset i Oslo.

Men denne påska vil kyrkjelyden få servert flatbrød frå den lokale produsenten i Morgedal.

Bryt flatbrød til nattverd

Under nattverden vil soknepresten bryte flatbrød til kyrkjelyden.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Vi har jo eit lokalt bakeri, og då tenkte eg at vi må jo kunne bruke det, seier soknepresten Torstein E. Nordal.

Har fått lov av biskopen

Med velsigning frå biskopen og soknerådet kunne soknepresten sette seg i bilen og køyre den korte turen til Skreppa AS i Morgedal.

I den nedlagde barnehagen blir det laga flatbrød etter ei lokal oppskrift som blir pakka og sendt ut til butikkane.

– Ideen kom i første rekkje på kyrkjelydsfakultetet, der det var ein annan prest frå Skjåk i Gudbrandsdalen som hadde brukt eit lokalt brød i sin kyrkjelyd, seier Nordal.

Den gongen tenkte Torstein E Nordal at han gjerne ville bli prest ein stad der dei hadde eit lokalt flatbrød.

Inger Marie Bakås og Torstein E. Nordal på Skreppa

Inger Marie Bakås på Skreppa leverer kortreist flatbrød til sokneprest Torstein E. Nordal.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Ein god tanke

– Og då eg kom hit i august som sokneprest hadde eg med meg ideen, og vil gjerne spørje soknerådet om det var mogleg at Brunkeberg kyrkje kunne servere flatbrød frå Skreppa på skjærtorsdag i påska, seier Nordal.

I nattverden er brødet eit symbol på Jesus sin kropp, og som skal brytast i bitar til dei som vil dele det.

– Det er veldig høgtidleg dette her. Og ein utruleg god tanke som soknepresten har her, seier Inger Marie Bakås, salssjef i Skreppa AS.