Hopp til innhold

Delikatesse eller litt skummel

BREVIK (NRK) : I Nord-Korea og Kina blir det sett på som ei delikatesse, men her i landet er det ikkje sett på som ei matplante. På koreansk heiter det kosari, me kallar det ormegras eller einstape.

Delikatesse eller skummel

DELIKATESSE ELLER BARE SKUMMEL: Ormegras kan brukast til mykje.

Familien Syvertsen frå Brevik er på jakt etter ei delikatesse som dei brukar i salatar, supper og liknande.

For oss ser det mest ut som plagsamt ugras, og den koreansk-norske familien får plukke heilt i fred. Svære bereposar med grøne bregneskot blir fylt opp på eit blunk.

Fekk smake i Korea

Erik Syvertsen smaka det fyrste gong i Korea

Erik Syvertsen visste ikkje kva det var då han fekk smake det fyrste gongen i heimlandet til kona.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Erik Syvertsen fekk det servert fyrste gongen i Korea, og synest det er veldig godt.

Sonen William er også med og plukkar. Han fortel at mora kokar dei grøne planteknollane fyrst, og så tørkar ho det i sola.

Mamma Wei fortel at dei tørka plantene kan liggje i fleire år, nesten som tørka sopp. Når dei skal bruke det att, kokar dei plantene og brukar det i maten.

Ikkje matplante i Noreg

Christian Kortner

Christian Kortner i Telemark Botaniske Forening.

Foto: Privat

– Dette er ikkje ei bregne me har tradisjon for å ete, seier styremedlem i Telemark Botaniske Forening, Christian Kortner.

Men han har lese på netter at det er ei matplante i Asia. Her blir den av enkelte rekna for å ha i seg kreftfremjande stoff.

Ekstra fine planter i Noreg

Det er dei unge plantene som blir plukka

Det er dei unge plantene som blir plukka.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Wei Syvertsen fortel at det er dyrt å kjøpe desse som tørka i Kina og Korea.

Derfor er det veldig populært at far hennar kan ta med seg ei ladning med tørka planter heim att når han returnerer i september.

I Kina er ofte plantene spinkle og dårleg, i Noreg er dei lubne og friske. Og Borgeåsen i Porsgrunn og Sandsøya er eldorado for dei ivrige brenneplukkarane.

William Syvertsen plukkar ormegras med bestefar

William Syvertsen er med bestefar og plukkar.

Foto: Anne Lognvik / NRK