Hopp til innhold

Tyske turistar: – Me vart overraska over kontrollen

BAMBLE (NRK): Frå i dag kl. 0800 vart det innført grensekontroll i Noreg. I Langesund står politimenn og tollvesentet og sjekkar at alle som kjem i land har med seg ID-papir.

Grensekontroll Langesund

KONTROLL: I dag vart det innført mellombels grensekontroll i Noreg.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Regjeringa har innført mellombels grensekontroll i Norge for å hindre at personar som ikkje har naudsynte reisedokument kjem inn i landet.

– Det er endå eit tiltak for å betre kontrollen på tilstraumen av asylantar, seier justis- og bedredskapsminister Anders Anundsen.

Kontroll i Langesund

Sverre Walle

LENSMANN: Sverre Walle har organisert grensekontrollen ved Langesund i dag.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Då ferja kom til Langesund i dag frå Hirtshals stod politiet og tollvesenet klare for å kontrollere dei som kom med ferja.

– Vår oppgåve her er å gjennomføre ID-kontroll av alle passasjerar som kjem i land, seier lensmann i Bamble Sverre Walle.

Han fortel at dei til no følgt med ved ferjekai og at dei var godt budde då dei i går ettermiddag fekk melding frå Politidirektoratet om at det vart innført kontroll.

– Me stiller mannsterke i dag, og kjem til å vere her kvar dag framover, og i alle fall i 10 dagar, seier Walle.

Turistane vert kontrollert

Eike Engelbreckt kom med ferja i dag saman med tre venninner. Dei skal vitje ei studievenninne som er på utveksling i Bø.

Jentene visste ikkje om grensekontrollen og vart overraske då dei kom i land.

– Me visste ikkje om dette var vanleg med so mykje kontroll her, men me antok at det har med flyktningsituasjonen i Europa å gjere, seier Eike Engelbreckt.

Engelbreckt fortel at kontrollen ikkje nok meir enn fem til ti minutt.

Passasjerer

JENTETUR: Helene Hennig, Jasmine Kischkat, Renate Hefner, Eike Engelbreckt skal vitje ei venninne.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Grei med

Dersom ein kjem frå eit av dei skandinaviske landa held det med bankkort eller førarkort som ID.

– Alle må ha ID-papir med seg, helst pass, men me er fleksible. For folk frå Skandinavia held det med førarkort eller bankkort.

Walle fortel at dersom folk skal søkje asyl er det dei same reglane som før, dei vert registrert og sendt vidare til UDI.

Kva skjer med dei som ikkje har gyldige ID-papir?

– Har dei ikkje med gyldig legitimasjon, vert dei sendt tilbake.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark