Hopp til innhold

Kong Harald: – Dette har vore veldig artig

DRANGEDAL (NRK): Fem år gamle Oda Bøen gledde seg til å ta imot Kong Harald på Drangedal stasjon. Kongen sjølv sa han hadde ein flott dag.

Kongen besøker Drangedal

Fem år gamle Oda Bøen fekk ta i mot Kong Harald på Drangedal stasjon.

Kong Harald håper å besøk alle landets kommunar. I dag kunne han stryke over to til, slik at det berre er 69 kommunar igjen.

Tysdag har han vore i Drangedal og Gjerstad. Etter desse besøka har Kongen berre 69 kommunar igjen for å nå målet om å besøke alle landets kommunar i løpet av sin regjeringstid.

Les også: Kongen er på plass i Drangedal

Gjekk av på Drangedal stasjon

Kongebesøk i Drangedal

Kongebesøk i Drangedal.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Korpsmusikk for 358. ende gang da Kongen gjekk av toget på Drangedal stasjon i ettermiddag.

Han har vore på ein imponerande besøksrunde sidan han tiltredde i januar 1991.

Fem år gamle Oda Bøen gler seg til å ta imot Kong Harald når NRK pratar med ho.

– Eg trur han kom til å spørje om namnet først, sa Bøen som trur han vil vere glad for blomane ha får.

– Veldig artig

Barna song, kongen fekk ein omvising og blei gjort godt kjent med Drangedal.
Etterpå var kongen godt nøgd.

– Dette har vore veldig artig. Eg har fått sett kva dei gjer her i Drangedal, og her er det driftige menneske. Det er heilt sikkert.

To nye kommunar kan strykast frå listen, kor neste besøk går vet berre kongen, men draumen om å besøke alle landets kommunar lever.

– Vi får håpe at eg rekk over alle, sa Hans Majestet Kong Harald.

Kong Harald møter Ida Emilie

Ida Emilie Herfoss får møte Kong Harald.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Skaut ned fem blinkar

Ida Emilie Herfoss

Ida Emilie Herfoss.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Skiskyttaren Ida Emilie Herfoss var ein av dei som fekk vise seg fram med Kongen som publikum. Og trass i det kongelege besøket skaut ho fem blinkar rett ned på skiskyttararenaen.

Kong Harald spurte om det var kanskje lettare å skyte nå når du ikkje hadde så høg puls som under ein konkurranse.

– Pulsen var minst like høg nå som under konkurranse, svara Ida Emilie.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark