Hopp til innhold

9 av 10 fekk ja til å bygge i strandsona

Stadig meir av kystlina i Noreg blir stengt for folk flest. – Kommunane er slepphendte, meiner Norsk Friluftsliv.

Bygging i strandsonen

UTVIDA STRANDTOMT: Bamble kommune har gjeve lov til fylle ut i sjøen inntil friområdet til venstre.

Foto: © Kartverket/norgeibilder.no, Geovekst og Bamble kommune

I sjøkanten langs Stathellevegen i Bamble stig ein ny granittmur opp av vatnet. Ut i den langgrunne sjøen er det fylt opp med massar for at huset skal kunne trone tre meter over overflata.

Ei lita bukt tett inntil friområdet Bedehusstranda er fylt ut for å lage tomt til det store huset. Det skal erstatte det mindre huset som ein gong stod der.

Husbyggjarane har sitt på det tørre. Dei har fått lov av både kommunen og Fylkesmannen til å gjere dei inngrepa som dei meiner trengst.

Det trass i store protestar frå naboar. Dei har sendt fleire klager utan å få gjennomslag for å stoppe bygginga. Det var heller ikkje søkt om dispensasjon for å kunne bygge i strandkanten.

Hus i strandkanten i Bamble

Huset i Bamble ligg tett i tett med friområdet Bedehusstranda. Naboar meiner nybygget hindrar ferdselen i dette området.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Både Bamble kommune og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark får strykkarakter av Sivilombodsmannen for korleis saka er handtert.

Annette Dahl hos Sivilombodsmannen understrekar at forbodet mot bygging i strandsona handlar om at interessene til folk flest skal vere sikra.

– Det er ein veldig streng regel. Den blei også skjerpa inn sist gong lova blei endra, seier Dahl.

Bamble 2018
Bamble 2004

Området til venstre for tomta er eit friområde.

© Kartverket/norgeibilder.no, Geovekst og Bamble kommune

9 av 10 fekk ja i fjor

Men det er ikkje berre i Bamble at private får lov til å utfalde seg i strandsona. Stadig mindre av strendene er tilgjengeleg for folk flest, viser tal frå SSB.

I fjor blei det rapportert inn rundt 650 søknader om bygging i strandsona i kystkommunane i Sør-Noreg frå Østfold til Hordaland.

Nesten 600 av desse søknadene – altså 9 av 10 – blei innvilga. Av desse var nesten 400 søknader om dispensasjon frå dei lovane og reglane som gjeld.

Tala er ikkje fullstendige. Nokre kommunar har ikkje rapportert inn alle tala sine i Kostra.

Dei same tala for kystlina i heile landet viser at heile 1200 av dei 1290 søknadene som kom i fjor blei innvilga. 750 av desse var dispensasjonar frå byggeforbodet.

– Slepphendt praksis

Organisasjonen Norsk Friluftsliv feller ein hard dom over korleis kommunane handterer ansvaret dei har for å verne om folks rett til å ferdast langs norske strender:

– Me opplever at stadig meir av strandsona blir bygd ned og privatisert. Det er ein slepphendt praksis i kommunane, seier Siri Meland, fagsjef i Norsk Friluftsliv.

Meland peikar på at det er svært stor forskjell på korleis kommunane handterer lover og reglar som gjeld omsyn til natur og miljø.

– Nokre av kommunane har stort areal, men ganske få innbyggjarar, og kan ha relativt liten kunnskap om natur og ivaretaking av naturmangfald, seier Meland.

Tal frå i fjor viser at strandsona i Akershus, Oslo og Buskerud er minst tilgjengeleg. Her er rundt 70 prosent av arealet utilgjengeleg for folk flest. Det er også her nedbygginga aukar mest.

Siri Meland

Siri Meland, fagsjef i Norsk Friluftsliv

Foto: Norsk Friluftsliv

Ingen har oversikt over omfanget

Det finst ingen oversikt over kva det konkret er søkt om i alle sakene som gjeld bygging langs norske strender.

Det er snakk om alt frå mindre tiltak som å rive ein utedo for å legge inn vatn og avløp på hytta, og til større inngrep som gjer at folk oppfattar offentlege delar av strandsona som privatiserte og avstengde.

No meiner Riksrevisjonen at ein slik oversikt må kome på plass. Dei peikar på at stor handlefridom lokalt kan få uheldige konsekvensar.

Riksrevisjonen: – Svak forvaltning

Ekspedisjonssjef Therese Johnsen vil ikkje konkludere med at reglane for dispensasjon ikkje blir fylgd i dag, sidan oversikta manglar.

Men når det kjem over 800 nye bygg i strandsona i 2017 er det grunn til å tru at ikkje alt er som det skal, seier Johnsen.

Snart skal Stortinget behandle ein rapport frå Riksrevisjonen der dette er eitt av fleire tema.

– Generelt er det uheldig at Stortingets lovar og vedtak blir forvalta på ein så svak måte, uttalar Johnsen.

Therese Johnsen

Therese Johnsen, ekspedisjonssjef hos Riksrevisjonen

Foto: Anne Lognvik / NRK

Innbyggjaranes interesser veg tungt

Fredrik Holth er førelesar i plan- og bygningsrett ved NMBU. Han har fylgd feltet tett i mange år.

Holth meiner ein må stille spørsmål med kvifor ikkje lovgjevinga på dette området verkar slik Stortinget hadde tenkt.

Han spør seg om konkrete saker ofte trumfar samfunnsperspektivet i lokalpolitikken.

– Kanskje lokalpolitikarar føler seg meir som ombodsmenn for innbyggjarane som søkjer i enkeltsakene – enn dei er ombodsmenn for den overordna planen, seier Holth.

Fredrik Holth

Fredrik Holth, dosent ved Institutt for eigedom og juss, NMBU

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ventar på ny behandling

Tilbake i Bamble går husbygginga sin gang. Eigarane reknar med å flytte inn i strandhuset om nokre veker. Dei er fortvila og seier til NRK at dei ikkje forstår korleis ein slik situasjon kunne oppstå.

Både Fylkesmannen i Vestfold og Telemark og Bamble kommune seier dei tek brevet frå sivilombodsmannen til etterretning.

Lars Gustavsen, fungerande direktør for justisavdelinga hos Fylkesmannen, seier dei no vil ta klagesaka opp til ny behandling.

I Bamble kommune seier leiar for byggesaker i Bamble, Finn Roar Bruun, at dei ventar på kva Fylkesmannen seier. Bruun meiner kommunen har handtert saka så godt dei har kunna.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark