Hopp til innhold

Komma er dronninga

Komma, komma, komma! Viktig og nødvendig, men vanskeleg. Kommaet har ein mild personlegdom, mens punktumet er strengt. Det står skrive i ei bok.

Skal det vera komma der ????
Foto: Anne Lognvik/NRK

– Eg er født med raudblyant, seier journalist Gry Eirin Skjelbred. Av teikna likar ho komma og semikolon aller best.

Kommakjærleiken er stor blant NRK sine folk i Telemark, det synte ei uhøgtidleg spørjegransking. Men dei blei ikkje heilt einige om kvar det skulle vera komma i denne setninga:

«Viss helsa held og økonomien er i orden drar me til Mexico neste år.»

Redaksjonen i NRK i Telemark

Redaksjonsmøtet i NRK kunne mykje om komma, men dei krangla om kvar det skulle vera komma i setninga over.

Foto: Anne Lognvik / NRK

–Komma er som ein border collier, seier Bård Borch Michalsen.

Han er utdanna statsvitar, har jobba som journalist og redaktør, og er no tilsett ved universitetet i Nordland. Michalsen har skrive ei bok om komma, og er meir enn vanleg opptatt av temaet.

– Viss teikna var hundar, ville kommaet vore ein border collier. Ein flittig kar som tener deg vel, og skaper rytme og flyt i teksta. Poenget med komma er ikkje å gjere det vanskelegare å skrive, men å gjere det lettare å lese og forstå. Det er viktig for oss alle, meiner Michalsen.

Bård Broch Michalsen

Bård Borch Michalsen har skrevet ei bok om kommaet

Han gremmar seg litt over at komma ser ut til å nesten forsvinne i ein del nettaviser, og det er ei tap for det gode skriftspråket. Michalsen trur at noko av forklaringa er at det er ein konstant tidspress, og lita tid til å lese korrektur. I tillegg er det mange stader kutta ned på journaliststillingane slik at det blir færre til å gjere jobben.

Vaktsjef Christina Førli Aas, Heidi Pleym og teknologisjef Geir Åge Jensen.

Vaktsjef Christina Førli Aas, Heidi Pleym og teknologisjef Geir Åge Jensen måtte streve for å få alle komma på rett plass.

Foto: Anne Lognvik/NRK

Språk er utfordrande

– Me jobbar me å halde språkfana høgt, seier redaktør i NRK Østafjell Heidi Pleym.

– Det er ei ekstra utfordring at mange av våre journalistar, som hovudsakleg har jobba radio og tv, no i større grad blir skrivande journalistar.

Tidspresset, at det som skjer blir fort publisert, stiller ekstra store krav til den enkelte.

Ho legg til at kontora i NRK Østafjells, både i Drammen, Tønsberg og Porsgrunn, har eigne språkkontaktar som er aktive pådrivarar for godt språk. I tillegg har NRK både ein språksjef og eit eige språkstyre.

Der kan det vera kan det vera komma meiner Hilde Martine Lindgren og Even Skårberg Aarnes

Hilde Martine Lindgren og Even Skårberg Aarnes kjenner på seg kvar det skal vera komma.

Foto: Anne Lognvik/NRK

– Men jobben med å skape eit godt og tilgjengeleg språk som når alle blir me aldri ferdige med, legg ho til.

– Som ein kuriositet kan eg nemne at me har eigne språkplakatar som blir hengt opp på toalett over heile NRK. Det er enkel påminningar om kva som er godt språk. I tillegg har me rett som det er språk som tema på våre redaksjonelle møte, avsluttar Pleym.

Komma nærast fråverande

– I nettavisene er komma nærast fråverande, seier Borch Michalsen.

Han grammar seg litt over at komma ser ut til å nesten forsvinne i ein del nettaviser, det er eit tap for det gode skriftspråket.

Britt Boyesen

Språkkontakt Britt Boyesen blei raskt ferdig med kommatesten.

Foto: Anne Lognvik/NRK

Michalsen trur at noko av forklaringa er at det er ein konstant tidspress, og lita tid til å lese korrektur. I tillegg er det mange stader kutta ned på journaliststillingane slik at det blir færre til å gjere jobben.

– Punktum er det beste kommaet

Det meiner Bård Borch Michalsen. Korte og tydelege setningar aukar forståinga.

Språkkontakt Britt Boyesen meiner at språket stort sett er bra, men at det er fleire som har noko å lære når det gjeld både komma og annan teiknsetjing.

Ho utfordrar stadig kollegaer når det gjeld språk, både det å ha eit enkelt språk, unngå framandord og setje inn teikn på rett plass.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark