Kolonne frå Vågslid til Røldal

Det er no kolonnekøyring over heile Haukelifjell frå Vågslid til Røldal. Den sterke vinden pakkar snøen, og vegbanen er glatt, opplyser vaktleiar Per Ove Tveit. Tveit reknar med at trafikken blir regulert med kolonnekøyring gjennom natta.