Hopp til innhold

Tre køyrt til sjukehus etter kollisjon

To personar og eitt barn er køyrt til sjukehus med ambulanse etter ein kollisjon ved Gumpen Auto i Skien.

Kollisjon ved Skien Bil

Kollisjonen førte til kø i krysset Telemarksvegen og Bjørntvedtvegen fredag ettermiddag.

Foto: Theo Aasland Valen

Politiet melder nå på Twitter at dei tre som vart køyrd til sjukehus ikkje er alvorleg skadd. Vegen er rydda og det er fri ferdsel på staden. Politiet vil etterforska saka.

Det var berre ein person i den andre bilen. Kollisjonen førte til store køar på staden, men vegtrafikksentralen melder at det er i ferd med å løyse seg opp.

Laster Twitter-innhold