Hopp til innhold

Kolliderte med falske skilt og stakk av

Politiet veit nå identiteten til sjåføren av den eine bilen som var involvert i møtekollisjonen i Bambletunnelen i går.

Møteulukke E18

Møteulukka i Bambletunnelen førte til lange køar torsdag ettermiddag. E18 var stengt ein periode mens det var bilberging.

Foto: Aksjon E18

Mannen er observert av vitne fleire stader i Grenland og politiet vil kome i kontakt med mannen. Bilen han køyrde var sett på falske skilt.

– Vi har sirkla inn ein namngjeven mann, men vi har ikkje fått tak i han enno, seier Svein Erik Vatle ved Bamble lensmannskontor.

Ifølgje politiet skjedde ulukka då ein personbil i nordgåande felt køyrde i tunnelveggen under ei forbikøyring.

Bilen blei kasta ut att i vegbanen, der den kolliderte med to møtande køyretøy.

Les også:

Vitne har observert ein mann som er i samsvar med den etterlysinga politiet sende ut i går.

– Mannen er observert fleire stader i Grenland. Så vi veit i alle fall at det ikkje har skjedd noko med han. Og at han ikkje er hardt skadd, seier Vatle.

Falske skilt på bilen

Den etterlyste mannen var førar av den eine personbilen som var involvert i ein møtekollisjon i Bambletunnelen torsdag ettermiddag.

Han stakk av frå staden etter kollisjon og politiet gjekk ut i media og etterlyste mannen.

Politiet fann også ganske snart ut at det ikkje var samsvar mellom skilta som stod på bilen, og personbilen. Skilta som stod på bilen som kolliderte høyrde til ein annan bil.

– Skilta på bilen var falske, seier Vatle.

Men Vatle opplyser at personbilen ikkje er stolen, men er registrert med den etterlyste sjåføren som eigar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark