Hopp til innhold

Kofteinteressa tar heilt av, nostalgi er trendy.

26.000 medlemmar er med i den store koftejakta på internett. Resultatet er ei bok som nesten er utselt få dagar etter at den kom på marknaden.

Liv Sandvik Jakobsen og andre koftedamer

Liv Sandvik Jakobsen og andre koftedamer trur ein blir glad av å gå i kofter.

Foto: Anne Lognvik/NRK / NRK

Det var stinn brakke då Grenland Husflidlag inviterte til koftemøte i sitt nye lokale i Skien. Det vil sei, lokalet er ikkje nytt. Det er det eldste huset i Skien, prestegarden frå 1779.

Ingebjørg Vaagen

Ingebjørg Vaagen er leiar i Grenland Husflidlag.

Foto: Anne Lognvik/NRK / NRK

Ingebjørg Vaagen er leiar i Grenland Husflidslag, og strålande nøgd med rekordoppmøtet. Ho er glad for at internett har opna for utveksling av kunnskap om blant anna strikking.

I dag er det tallause bloggar om emnet, og det engasjerer både unge og gamle.

Interessa eksploderte

Liv Sandvik Jakobsen frå Skien fortalde korleis ho tilfeldigvis byrja å lage ein blogg om interiør. Så byrja folk å spørje om koftene som ho hadde på seg på bileta, og som hekk over stolar i interiørbilete. Det enda med den store koftejakten, ein Facebook-gruppe som no har 26.000 medlemmar.

kofter

Det er utallig mange mønster og variasjonar av kofter.

Foto: Anne Lognvik/NRK

Og i tillegg ei bok, "Kofteboken", som kom no i helga. Sandvik er heilt overvelda over interessa.

Av 7.000 trykte bøker er det no att rundt 1.500, men Sandvik Jakobsen seier at ho ikkje har pålitelege tal for kor mange av bøkene bokhandlarane har tatt inn som faktisk er selde.

Les meir her:

Trendy også blant unge

Solveig Bilstad Mo

Solveig Bilstad Mo spanderte på seg ei bok

Foto: Anne Lognvik/NRK

Kari Sandbugten

Kari Sandbugten i telemarkskofte med eigen vri.

Foto: Anne Lognvik/NRK
Solveig Bilstad Mo er entusiastisk koftetilhengjar. Ho elskar kofter, og trur det handlar om tradisjonar og gode barndomsminne.

Besteforeldre og foreldre som bruka kofter då det var eit allemannsplagg. Ho er glad for at interessa tek seg opp blant dei unge.

Kari Sandbugten har strikka frå ho var barn. Ho likar å lage sine eigne variantar av gamle mønster. Sandbugten har på seg ei kofte som byggjer på eit gamalt telemarksmønster, men som er tilpassa.

– Eg er opptatt av mote og norske designarar, så eg lagar mine eigne variantar, seier ho.

Mange strikkeoppskrifter

Strikke- og oppskriftsbloggar har ploppa opp i sosiale medium. Strikking er trendy.

Nina Bakke er ei av dei unge som var på koftemøtet i går kveld. Ho er ikkje strikkar, men det har ho planer om å bli.

– Dei er så fine, smiler den unge kvinna og stryk over den strikka ulljakka.

Nina Bakke

Nina Bakke fann tre favorittar blant dei 40 koftene som er med i boka. Kven skal ho velje? Kofte vil ho i alle fall ha.

Foto: Anne Lognvik/NRK