NRK Meny
  • Meir i tilskot i ny kommune

    Bøndene på Hjuksebø kan få over ein halv million kroner i auka tilskot dersom bygda skulle bli ein del av Notodden kommune. Grunnen er at Notodden ligg i ei anna tilskotssone enn Sauherad.

  • Meir regn i vente

    Det kjem meir regn i Sør-Noreg dei neste dagane.

    Laster Twitter-innhold
  • E18 open for fri trafikk

    E18 mellom Kragerø og Arendal er no opna for fri trafikk. Store nedbørmengder og flaum var årsak til at vegen var stengt fram til klokka 0330 natt til i dag. Stian Molteberg ved Vegtrafikksentralen seier at det ikkje er meldt om andre problem på vegane i Telemark.

  • Mistanke om køyring i rus

    Politiet stoppa ein mann i 50-åra frå Skien som køyrde bil på Skjerkøya i natt. Politiet mistenker at han har køyrd i narkorus. Han har aldri hatt førarkort. Det var ikkje ansvarsforsikring på bilen, og den vart avskilta på staden.