Hopp til innhold

Endringar i klima fører elgen mot nord

Det har aldri blitt felt så få elg under jakta sidan midten 1990-åra. Klimaendringane fører til at elgen trivst betre lenger nord i landet.

Elg i Namsskogan
Foto: Kjartan Trana/NRK

I fjor blei det felt færre enn 2000 elg i Telemark. Tall frå Hjorteviltregisteret viser at det er 30 år sidan det blei felt så få dyr.

Skogbrukssjef Sverre Bakke i Tokke meiner at forvaltninga har slått feil.

– Vi har skattlagt elgstamma feil. Vi har skote på vaksne produksjonsdyr, og ikkje på kalv, seier Bakke.

Må spare fleire hodyr

Sverre Bakke.

Sverre Bakke er skogbrukssjef i Tokke.

Foto: Anette Dotseth Stensholt / NRK

I Sør-Noreg har det vore ein jamn nedgang i elgstamma frå toppåret 1999. Den hausten blei det skote nesten 5000 dyr berre i Telemark, og nesten 40 000 dyr i heile landet.

Bakke meiner at nedgangen kan stoppast. Men då må jegerane spare produksjonsdyr, og heller skyte kalv og ungdyr.

– Vi må skyte bortimot 40–45 prosent kalv. Og spare fleire hodyr, seier Bakke.

Det er ikkje berre stamma som krympar. Slaktevektene går også ned. Forklaringa kan vere mangel på kvalitetsmat som fylgje av nedgangstider i skogbruket.

Webjørn Svendsen

Webjørn Svendsen i Norges Jeger og Fiskeforbund.

Foto: Arnulf Møllerstad / NRK

– Det var den måten å drive skogbruk på som gjorde at matfatet blei fantastisk for elgen. Og det var ein av hovudårsakene til at vi fekk så mykje elg.

Forskinga har ikkje svar

Viltkonsulent i Norges Jeger og Fiskeforbund, Webjørn Svendsen, fortel at på den tida det var mest elg på 2000-talet så var det også store beiteskadar.

– Alle var einige i at det var viktig å få ned elgbestanden til eit berekraftig nivå.

Svendsen meiner nedskytinga av elgstammen har vore vellukka.

Elg felt i kommunar

Denne figuren viser felte elg i kvar kommune.

Foto: SSB

– Men ein trudde at når det blei meir mat ville elgen bli større, og føde fleire kalvar. Det har ikkje skjedd, og forskinga har ikkje noko eintydig svar på kvifor det blei slik.

Klimaendringar kan påverke

Svendsen trur klimaendringane kan ha hatt innverknad på elgstammen.

– Vi veit at elgen er ikkje så robust til å ta dei klimaendringane som er varsla, og som vi ser effektar av. Det er registrert sjukdomar og parasittangrep som kan vere ein del av forklaringa.

Han fortel at elgen også tar i bruk stadig ny delar av landet, og utviklinga av elgstammen i dei nordlege fylka er god.

Statistikk for felte elg

Denne figuren viser statistikk for utviklinga over talet på felte elg over heile landet.

Foto: SSB

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark