Hopp til innhold

Kjente klimaendringane på kroppen – no tenker bonden nytt

BØ/ULEFOSS (NRK): Etter at kornavlinga først regna vekk, så tørka bort, tok kornbonde Henrik Kjeldsen grep. Slike grep må fleire bønder ta, meiner forskar.

Henrik Kjeldsen

Kornbonde Henrik Kjeldsen dyrkar om lag 1500 mål korn. No har han endra måten han jobbar på.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

For kornbonde Henrik Kjeldsen var 2017 og 2018 to katastrofale år i landbrukssamanheng.

Avlingane svikta, og med det også inntektene. Samtidig fekk det han til å tenke kornproduksjon på ein annan måte.

– Fleire av jorda mine ligg i litt skrått terreng, så erosjon var eit problem etter våronna. Det er lite vits i at såkornet renn vekk og blir liggande i botn av jordet, seier Kjeldsen.

For kornbonden gjekk det ut over motivasjonen.

Henrik Kjeldsen

Henrik Kjeldsen ser haustkveiten han sådde for nokre veker sidan spire.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

Droppar tradisjonell jordtilarbeiding

Han gjekk bort frå den tradisjonelle måten å tenke kornproduksjon på, og byrja bokstaveleg talt og så kornet på upløgd mark.

– Ved direktesåing rett på fjorårets stubb renn ikkje såkornet vekk om det kjem regn. Samtidig tek eg vare på jorda sine eigenskapar og gjer gode vekstvilkår til mikroorganismar og meitemark som er viktige for jorda. Meitemarken er på ein måte mi harv, smiler Kjeldsen.

Direktesåing, Henrik Kjeldsen

Henrik Kjeldsen sår rett etter tresking. Det har gjort resultatet betre.

Foto: Even Skårberg Aarnes / NRK

Han reduserer også mengda traktorkøyring i våronna, samt bruken av kunstgjødsel.

– Mindre køyring med tunge maskiner er positivt for jorda. I tillegg sparar eg fleire hundre liter diesel i året. Ved å ha underkulturar av blant ana kvitkløver i åkeren treng eg ikkje bruke like mykje gjødsel, seier bonden.

Landbruket blir påverka av klima

Tal frå Landbruksdirektoratet syner at Kjeldsen ikkje var åleine om å ha det utfordrande i 2017 og 2018. Totalt vart det betalt ut i underkant av 1,7 milliardar kroner i avlingsskadeerstatning.

Solveig Svardal

Seniorforskar ved Telemarksforsking, Solveig Svardal meiner ein må ta fleire grep for å sikre matproduksjonen i Noreg i ein ny klimakvardag.

Foto: EVEN SKÅRBERG AARNES / NRK

Det syner at klimaet påverkar landbruket, og at ein må tenke nytt også innanfor forskinga, meiner Solveig Svardal.

– 85 prosent av all klimaforsking i landbruket handlar om korleis bonden kan kutte klimagassutslepp. Det er viktig, men det er minst like viktig å sjå på korleis ein kan halde oppe, og helst auke matproduksjonen når klima og vêr har endra seg slik vi har sett dei siste åra, seier Solveig Svardal.

Jordbruk er ikkje industri

Ho er seniorforskar ved Telemarksforsking i Bø, og ho er klar på at fleire må tilpasse drifta si ut ifrå den nye klimaverkelegheita vi lever i.

– Vi må forstå at det er ein forskjell på å produsere mat og å produsere spiker. Vi må jobbe med jorda, ikkje mot.

Gjennom forprosjektet «Meir berekraftige produksjonssystem innan norsk jordbruk og matindustri» har ti kornbønder i Vestfold og Telemark vorte intervjua om korleis dei driv i dag, og kva for utfordringar dei har.

Det har ført til fem konkrete tiltak for å sikre matproduksjon i framtida:

  • Jobbe med jordhelse og god agronomi. Spele på lag med jorda.
  • Utvikle reiskap og maskiner som gjer at ein kan hauste eller så avlingar under vanskelege forhold.
  • Spreie risikoen på bruket ved å plante ulike vekstar som toler ulik klimabelastning.
  • Endå meir lokalkunnskap om garden og jorda ein driver.
  • Sikre god nok økonomi gjennom tilskotsordningar og ana så ein kan halde produksjonen oppe gjennom berekraftige rammer.

Ny teknologi

Meteorologisk institutt har òg bidratt i arbeidet med prosjektet. Eit verkemiddel mange kan ha nytte av er ultralokale vêrstasjonar, som kan bidra til å gi endå betre prognosar for vêr og klima.

– Dersom ein får plassert ut endå fleire slike vêrstasjonar vil det kunne bidra til å auke kunnskapen om klima på mikronivå, og gjere det meir føreseieleg å vore bonde, seier Svardal, som trur forskinga kan overførast til andre vekstar enn korn også.

– Målet er at det me har funne ut kan overførast til andre deler av landbruket også, som grønsakproduksjon, fruktproduksjon, andre jordvekstar og ana, avsluttar Svardal.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark