Hopp til innhold

Flest klager på uventa skader

Uventa skade eller komplikasjonar i forbindelse med behandling og problem rundt diagnosen, er det pasientane klaga mest over i fjor til Pasient og brukarombodet.

Else Jorunn Saga

Pasient og brukarombod, Else Jorunn Saga, har lagt fram årsmeldinga for 2014.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK

Det kom fram i årsmelding til pasient og brukarombodet, som blei presentert i dag.

Totalt har pasientane som har tatt kontakt med Pasient og brukarombodet i Telemark reist 713 ulike problemstillingar.

Pasient og brukarombod, Else Jorunn Saga, seier det likevel er trygt å vere brukar av helse- og omsorgstenester i Telemark.

– Men det finst sjølvsagt nokre unnatak, og det er enkelte gonger ting ikkje går slik det skal gå. Det viser statistikken over alle som tar kontakt med ombodet, seier Saga.

Les også: Pasienter usikre etter sykehusopphold

Er eit hjelpemiddel

Pasient og brukarombodet meiner årsmeldinga viser at det er eit godt stykke fram til at det som blir kalla brukarmedverknad skal vere reell, der pasientar og brukarar blir tatt på alvor.

– Årsmeldinga er eit hjelpemddel for å identifisere kor brukarar og pasientar opplever dei største utfordringane med tenestene. Og nå vi får kunnskap om det, så formidlar vi det vidare til dei som yter tenestene, slik at dei kan gjere tenestene betre, seier Saga.

Flest klager på uventa skader

– Folk klager mest over uventa skader eller komplikasjonar i behandlinga. Kvifor er det slik?

– Det er handfast å ta tak i når det skjer noko, til dømes under eit kirurgisk inngrep eller infeksjoner etter operasjon. Og det er flest som tar kontakt i forbindelse med det, seier Saga.

Ho seier at målet er å få eit helsevesen og omsorgstenester der ingen treng å engste seg for at noko skal gå gale.

Les også: Tinn kommune tar grep etter kritikk

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark