NRK Meny

Klagar på Vesle Kjela Kraftverk

Vinje kommune har klaga på NVE sin konsesjon til Statkraft om bygging av Vesle Kjela Kraftverk. Det er fleire forhold ved konsesjonen som Vinje kommune klagar på, blant anna at NVE ikkje har følgt vanleg praksis i konsesjonssaker. Kommunen krev at konsesjonen blir kjent ugyldig, og handsama i tilknyting til ny gjennomgang av konsesjonen for Tokke-Vinje vassdraget.