NRK Meny

Klagar på Sjukehuset Telemark

Ordførar Steinar Bergsland i Tinn har klaga Sjukehuset Telemark inn for Fylkeslegen og for Helse Sør-Aust. Ordføraren meiner at sjukehuset ikkje har gjort nok for å skaffe vikarar, slik at akuttmottaket på Rjukan kan haldast oppe i jula. Direktør Bess Frøyshov seier til Rjukan Arbeiderblad at ho vil svare på kritikken etter nyttår.