Hopp til innhold

– Snøskuterulykka skjedde med promille

Politiet meiner mannen som skada seg i ulykka i Tokke køyrde snøskuteren med promille. Og det var kommunelegen som melde frå til AMK om ulykka.

Miljøkoordinator Olav Lia

Olav Lia er miljøkoordinator i Telemark politidistrikt fortel at den skadde og ein kamerat hadde køyrt snøskuter med promille då ulykka skjedde.

Foto: Berit Heggholmen

Miljøkoordinator Olav Lia ved Telemark politidistrikt fortel at den skadde blei frakta ned til ein parkeringsplass ved Froland i Tokke av ein 20 år gamal kamerat etter ulykka.

– Dei ringer ikkje nødnummeret, og det er alvorleg, seier Lia.

Han fortel at begge mennene hadde køyrt kvar sin snøskuter med promille i Botnedalen.

Mannen i 20-åra som skada seg skal ha gjort eit hopp med snøskuteren, og landa på skuteren etterpå då han blei hardt skada i ryggen.

Les også: Hardt skadd i snøskuterulykke

Har ikkje snøskuteren

Miljøkoordinatoren i politiet seier at det blei litt amper stemning på parkeringsplassen då det blei meldt frå til AMK om ulukka.

– Det var tilfeldig at nokon kom forbi på parkeringsplassen og melde frå til AMK, seier Lia.

Olav Lia fortel om eit spesielt snøskutermiljø, og at det er mange med snøskuterløyve i området.

– Snøskuteren som den skadde brukte er heller ikkje funnen, sjølv om politiet har leita i natt. Snøskuteren var registrert på mannen som blei skada, seier Lia.

Ein person oppførte seg ufint

Det var kommunelege i Tokke, Lars Håvard Eriksen, som melde frå til AMK om ulukka då han var på ein privat skitur i området.

Han fortel at det var personar til stades på parkeringsplassen som ikkje ville at legen skulle melde frå om ulykka.

– Ein tredje person oppførte seg ufint og ville ikkje at eg skulle melde frå, seier Eriksen.

Frykta for liv og helse

Eriksen fortel at den skadde var så medtatt at han frykta for live og helse. Dessutan var den skadde blitt kald. Og sola hadde gått ned

– Den skadde var tilsnakkande, men medtatt. Det hadde vore mykje betre om den skadde hadde blitt henta av helsepersonell på staden der ulukka skjedde, seier Eriksen.

Den skadde blei frakta i ambulanse til Høydalsmo, og vidare til Notodden før han blei frakta i luftambulanse til Ullevål universitetssjukehus.

Kommunelegen seier at den skadde har fått indre skader, i tillegg til skadane i ryggen.

Botnedalen i Tokke