Hopp til innhold

Kjetil på 30 mot alle på 60

Han er 30 år, og konkurrerer om ein plass i Vinje kommunestyre. Motstandarane er kvinner og menn på 60.

Kjetil Midtgarden Vaagen

Kjetil Midtgarden Vaagen (30) er ein av seks listekandidatar under 40 år.

Foto: Johs Apold / NRK

Kjetil Midtgarden Vaagen ein av berre seks listekandidatar som ikkje var fødd då Stortinget gjorde det no 40 år gamle vedtaket om å forby tobakksreklame.

Gjennomsnittsalderen på kandidatane i Vinje er i overkant av 59 år. Det er ni år meir enn landsgjennomsnittet, syner tal frå Statistisk sentralbyrå.

– Bra med røynsle

Men tredjekandidaten til Vinje Senterparti trur ikkje den høge gjennomsnittsalderen skaper problem.

– Det er bra med mykje røynsle. Men på den andre sida er det også viktig at alle aldersgrupper er representert, seier 30-åringen, som debuterer som kandidat ved dette valet.

– Det var lett å seie ja då valkomiteen i Vinje Senterparti spurde. Regjeringa ynskjer å gjennomføre ein radikal kommunereform, og fører ein sterk sentraliseringspolitikk på fleire område. For meg står Senterpartiet som motpolen til denne politikken.

Kjetil Midtgarden Vaagen

Kjetil Midtgarden Vaagen (30) tek gjerne plass som ein av 25 representantar i det nye kommunestyret i Vinje.

Foto: Johs Apold / NRK

Kva er grunnen til den skeive alderssamansetjinga på vallistene i Vinje?

– I Vinje er det mange unge arbeidspendlarar. For dei er det vanskeleg å kombinere arbeid og politikk. Det kan og vere at unge i etableringsfasen set den politiske karrieren på vent.

Gjennomsnitt på 50,2 år

I Noreg er gjennomsnittsalderen for listekandidatar ved valet til hausten 50.2 år. Det opplyser Øivind Rustad i Statisk sentralbyrå.

– I kommunar med fødselsoverskot og auke i folketalet er gjennomsnittsalderen lågare. I fråflyttingskommunar er gjennomsnittet høgare. Men Vinje er ingen typisk fråflyttingskommune, og det tyder at lokalpolitikarane må leite etter andre årsaker, seier Rustad.

Ingen interessemotsetnader?

Ordfører i Vinje, Arne Vinje

– Den skeive alderssamansetjinga vil vere eit tap for kommunen, meiner avtroppande ordførar Arne Vinje (SV).

Foto: Vinje kommune

Arne Vinje (63) har sete som ordførar i Vinje i tre periodar, men trekker seg etter valet til hausten.

SV-ordføraren trur det er fleire årsaker til den høgre gjennomsnittsalderen.

– Det kan vere at folk er nøgde med kommunen, og at dei yngre ikkje ser viktige saker å kjempe for.

– Tyder det at det ikkje er interessemotsetnader i Vinje?

– Eg kan vanskeleg sjå at det er grunnleggande motsetnader mellom innbyggarane i Vinje. Men det kan vere ulike interesser i ulike saker. Difor er det eit tap at alderssamansetjinga i det nye kommunestyret blir skeiv.

– Du har sete som ordførar i 12 år. tek du ansvar for skeivfordelinga?

– Nei. Eg kan ta eit delansvar i mitt eige parti SV. Men dette er eit ansvar for kviler på alle dei politiske partia, seier den avtroppande ordføraren

Margit (26) er yngst

Med 26 år er Margit T. Ljostad den alle yngste kandidaten ved valet i Vinje. Margit er åleinemor til Berit på to år, og arbeider som pleiemedarbeidar ved Svingen bufellesskap i kommunesenteret Åmot.

Margit Ljostad

Med 26 år er Margit T. Ljostad den klart yngste kandidaten ved kommunevalet i Vinje.

Foto: Johs Apold / NRK

26-åringen er ungdomsrepresentant i styret i Fagforbundet i Vinje, og ved valet i haust står ho på 18.-plass på liste til Vinje Arbeidarparti, mellom to menn på 83 og 58 år. Margit trur at ho som 26-åring har andre røynsler enn menn på 60.

– Eg har stor respekt for veteranane, men det er og opplagt at eg folk i 20-åra har opplevd ting som dei eldre ikkje har opplevd.

Likevel. Margit T. Ljostad er usikker på om ho ynskjer plass i kommunestyret.

– Det spørst om tida strekk til. Men skjer det, så skjer det, seier den yngste kandidaten til det nye kommunestyret i Vinje.

Ordførergalleri Vinje

Gjennomsnittsalderen til dei som kjempar om ein plass under ordførargalleriet i Vinje kommunestyre er 59.02 år.

Foto: Johs Apold / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark