Hopp til innhold

Kjendisugle vart redda i siste liten

SKIEN (NRK): Dei store snømengdene skaper problem for kattuglene. No fryktar fagfolk at halve bestanden i Sør-Noreg vil døy.

Kjendisugla og Børre Østensen

KJENDISUGLE: Ugla frå Borgestad blir intervjua av NRK.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

I mange år har eit uglepar budd i det eine tårnet i Borgestad kirke og vorte kjendisar i området. Denne veka vart den eine ugla funnen heilt forkomen.

– Ugla var i dårleg forfatning da ho kom til meg. Det eine auga greidde ho ikkje å lukke opp. Ho hadde nok fått ein smell frå skjærer og kråker.

Fuglevennen Børre Østensen har hatt ugla heime hjå seg på oppfeiting, og nå begynner ho å kvikne til.

– Heldigvis vart viltnemnda kontakta, og dei strekte seg langt for å redde ugla.

På grunn av mykje snø og dårleg tilgang til mat, må uglene må jakte på dagtid. Dette er farleg dei, for på dagtid er andre fuglar på jakt etter uglene, fortel Østensen.

Børre Østensen og ugla frå Borgestad

FAST GREP: Fuglepassar Børre Østensen har eit godt grep rundt klørne til ugla for å hindre at ho skal klore.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Vart mobba av andre fuglar

Det var Helge Røsaker i viltnemnda i Skien som tok seg av ugla før ho kom til Børre Østensen. Han seier at ein huseigar melde frå om at det låg ei forkomen ugle i hagen som vart mobba av kråker og skjærer.

– Fuglane gjekk direkte til angrep og hakka på ho. Huseigaren fekk jaga dei vekk og meldt ifrå til oss. Da vi kom dit, var ugla nesten livlaus. Ho lea ikkje på nokon ting.

– Kva tenkte du da du skjønte at det var liv i ugla?

– Kva gjer vi nå? Her er det kanskje moglegheit for å redde eit liv. Eg sit iallfall med ein fantastisk følelse av at vi har gjort noko bra.

Helge Røsaker

REDNINGSMANN: Helge Røsaker i viltnemnda i Skien tok vare på ugla og køyrde ho til fuglevennen Børre Østensen.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Høyrer ikkje musa på grunn av snøen

Dei færraste uglene er like heldige som ugla på Borgestad. Fuglekjennarar fryktar at så mykje som halvparten av kattuglebestanden forsvinn i låglandet i Sør-Noreg denne vinteren.

Når det blir meir enn ein halv meter snø, får uglene problem med å høyre mus gjennom snøen.

– Musa går heilt nede ved bakken, aldri oppe i dagen. Når det er mykje snø, blir matfatet veldig dårleg for uglene, seier Helge Røsaker.

– Kor ille er det dersom halvparten av kattuglebestanden ikkje greier seg gjennom vinteren?

– Det er katastrofalt. Det er ikkje så mange kattugler igjen. Vi må berre håpe at våren kjem, og at maten kjem til overflata att.

Tårnet i Borgestad kirke

KYRKJETÅRNET: Oppe i dette kyrkjetårnet i Borgestad kirke held ugleparet til.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

På oppfeiting i drivhus

Heime hjå Børre Østensen er ugla på betringas veg. Ho bur for tida inne i eit drivhus der ho samlar krefter.

– Ugler er redde for oss menneske, så ho kosar seg nok ikkje så mykje som det ser ut som, seier Østensen.

Han vartar opp med ein meny av daude mus og rått kjøt, slik at ugla skal bli sterk nok til å overleva resten av vinteren når ho flyttar attende til kyrkjetaket på Borgestad.

Tidligere denne uka ble en forkommen kattugle i Skien reddet og sendt til tvangsforing.