NRK Meny

Kjedekollisjon i Vabakktunnelen

Politi og brannvesen rykka ut til ein kjedekollisjon i Vabakktunellen i Porsgrunn. Det var tre personbilar involvert i kjedekollisjonen. Det var føraren av den bakerste bilen som var årsaka til kollisjonen, og vedkomande fekk førarkortet beslaglagt. Tunnelen var stengt mens bergingsarbeidet går føre seg, men er no open igjen.

Kjedekollisjon i Vabakktunnelen
Foto: Theo Aasland Valen