NRK Meny

Kinserdal held fram

Stein Kinserdal ynskjer å halde fram som styreleiar i Helse Møre og Romsdal, skriv Romsdals Budstikke. Han har brukt juledagane til å vurdere om han vil halde fram i stillinga etter bråket rundt plasseringa av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Kinserdal har tidlegare vore assisterande direktør ved Sjukehuset Telemark.