NRK Meny
Normal

Verdskjente Katzenjammer tek pause på ubestemt tid

SKIEN (NRK): Etter 10 år med stor suksess både i inn- og utland tek bandet ein pause på ubestemt tid. Til helga speler dei sin siste konsert i Noreg på ei stund.

Katzenjammer på Parkenfestivalen

TEK EI PAUSE: Verdskjente Katzenjammer tek ei pause frå turnelivet neste år. Arkivfoto

Foto: Henrik Dvergsdal

Det norske bandet Katzenjammer feirar 10 år i år. Men no tek dei ein pause på ubestemt tid.

– Me legg ikkje opp, men me har ikkje planlagt nokon turne neste år, likevel har me nokre prosjekt, seier Turid Jørgensen.

Likar seg i Tyskland

Turid Jørgensen fortel at bandet likar godt å spele i Tyskland. Ein veit kva ein får og dei gler seg alltid til å kome attende.

Turid Jørgensen

TRAVEL: Turid Jørgensen er ei travel dame, no er ho heime ei veke før det er ut på ny turne før jol.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

– Snakkar du tysk?

– Ein bißchen, ler Jørgensen

Ho kan det enklaste som å bestille mat og drikke, men den tyske maten er ho ikkje begeistra for.

– Det er som jolemat, mykje kål, og det held ein gong i året, seier artisten.

Jørgensen fortel at når Katzenjammer er på turne har dei ein ganske kjedeleg raider, men dei vil gjerne ha ein vegetarrett, ein med fisk og ein med kjøtt. I tillegg til øl, vin og mineralvatn.

Småbarnsmor og artist

Bandet har reist land og strand på turne. Dei har mellom anna vore rundt i Australia, USA og Europa.

Katzenjammer

TURID JØRGENSEN: Her under Døgnvill i 2009. Arkivfoto

Foto: Alice Bergfall

For to år sidan fekk to av bandmedlemmene barn, og dei siste åra har derfor dei lange reisene blitt kutta ned.

– Før kunne me vere ute og spele mykje, no har me ein del ting å gjere her heime òg, fortel Jørgensen.

Jørgensen trekk fram at det gjeng fint å kombinere rolla som småbarnsmor med artistrolla.

– Det som er bra er at eg kan vere heime i to månader samanhengande, men det kan òg vere hardt å vere so lenge borte frå barn når eg må det, seier Jørgensen.

  • Sjå då bandet var på Svalbar:

Yoga på låven

Etter jol startar pausen til bandet, og då har Turid nokre jern i elden. Både ho og mannen har teke yogainstruktørkurs.

– Det er ein draum å starte med yoga på låven, so me er i gang med å pusse opp og isolere denne, seier Jørgensen.

I tillegg har Katzenjammer nokre andre planer som dei ikkje kan avsløre heilt enno, men noko er dei i gang med, sjølv om det ikkje vert ny turne med det fyrste.