Hopp til innhold

Kåss oppgitt over ny deponiplan

Fem dagar før stortingsvalet, same dag som Jonas Gahr Støre frå Arbeidarpartiet sa nei til giftdeponi i Brevik, la NOAH fram ein ny plan for deponiet. I ein e-post til Nikolai Astrup i Høgre skriv selskapet at det giftige avfallet skal behandlast på Langøya før det blir frakta til eit nytt kaianlegg selskapet vil bygge ved naturreservatet Frierflogene i Brevik. Ordførar Robin Kåss i Porsgrunn reagerer sterkt på at veljarane ikkje blei gjort kjent med planen før stortingsvalet.

Robin Kåss og Thor Kamfjord på 1. mai Porsgrunn
Foto: Ragnar Lurås / NRK