SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Tinn kommune fryktar at fleire arbeidsplassar på Rjukan kan gå tapt.
Kommunen vil difor gå gjennom all verksemda i Hydro Rjukan Næringspark.
Ordførar Erik Haatvedt ønskjer ei snarleg kartleggingen av arbeidsplassane.
Hydelko på Rjukan kan føre til at Tinn misser fleire arbeidsplassar.
- Vi har eit akutt behov for dette, fordi vi veit at fleire arbeidsplassar er i fare, seier han.
Fleire i faresona
Haatvedt seier det er fleire arbeidsplassar som er i faresona, og han ønskjer også å finne eit halmstrå som gjer at kommunen kan få behalde fleire av arbeidsplassane ved Hydelko.
Det er kampen for arbeidsplassane på Rjukan som står øvst på arbeidslista til ordførar Erik Haatvedt. Han fryktar at fleire bedrifter kan få problem i kjølvatnet av ei eventuell nedlegging av Hydelko.
Vil finne redningsplan
Difor skal Tinn kommune og Norsk Hydro i samarbeid gjennomgå all verksemda i Hydro Rjukan Næringspark.
Samstundes blir det jobba med å få på plass andre løysingar som kan redde dei 40 arbeidsplassane ved Hydelko.
Viss vi finn ein redningsplan vil den truleg vere klar ein av dei næraste dagane, trur Haatvedt.
- Vi er nøydt til å meine noko om kven vi skal prøve å påvirke innan denne tida, seier han.