NRK Meny
Normal

Bamble blei årets bondelag

Bamble bondelag blei kåra til årets lokallag under årsmøte for Noregs bondelag på Lillehammer onsdag kveld.

Erik Dahl

Leiar i Bamble bondelag, Erik Dahl, er stolt av engasjementet i laget.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Juryen meiner at Bamble er det laget som har hatt størst og mest allsidig aktivitet i året som er gått.

Leiar i Bamble bondelag, Erik Dahl, seier at engasjementet i styret og fylket har gjort utmerkinga mogleg.

– Vi må jo vere så ærlege at vi er stolt av det, og det er jo ein stor inspirasjon for det vidare arbeidet, seier Dahl.

Rosar styret for engasjement

Bamble bondelag får utmerkinga for jobben dei har gjort for eigne medlemmer og for å markere seg for folk i gata og mot politikarane.

– Bondelagsarbeid er jo eit politisk arbeid også, seier Dahl.

Han seier det også er forskjell på kor engasjerte bøndene er i bondelaga rundt om i landet. Men Dahl rosar styret i Bamble bondelag for å vere engasjert.

– Og det skaper aktivitet. Og nå vi lukkast med det vi gjer, så blir det meir aktivitet ut av det.

Dahl vil også dele æra med resten fylket og Telemark bondelag.

– Telemark er jo ikkje noko stort matfylke i landssamanheng, men fylkeslaget gjer også ein god jobb med å støtte oss, seier Dahl.