Hopp til innhold

Kaos over Vindfjell

SILJAN (NRK): Fleire bilar har køyrd i grøfta på vegen mellom Siljan og Steinsholt. Brøytebilane har jobba på spreng for å halde snøen vekk frå vegen.

Bilberging på Vindfjell

BERGING: Fleire bilar trengde hjelp på snøføret ved Siljan.

Foto: Robert Hansen / NRK

– Har du sommardekk på bilen bør ein ikkje køyre her, seier Anders Stormoen. Han har køyrd brøytebilen sin opp og ned fylkesveg 32 ved Siljan i over tre timar til no.

Vegen var stengt i nesten to timar i dag på grunn av bilberging. Fleire bilar streva på den snødekte vegen i dag.

Sjølv om vegen no er opna, understrekar Vegtrafikksentralen at det framleis er vinterføre på vegen. Brøytebilane vil halde fram å køyre på vegtrekninga, mot kvelden.

Anders Stormoen

Erik Gustavsson er blant brøytemannskapa.

Foto: Robert Hansen / NRK

Ansvar som førar

– Det står jo minst 50 bilar fast her, seier Jon Ragnfred Hanssen.

Han var ein av dei som var midt oppe i trafikkaoset på vegen.

– Da eg kom meg overt toppen så såg eg fleire personbilar og lastebilar som låg strødd til høgre og venstre, seier Hanssen.

Snøfall den siste helga i april er ikkje noko mange hadde sett føre seg. Difor er det nok mange som har skifta til sommardekk på bilen allereie.

Leiar i Utrykkingspolitiet, Runar Karlsen, seier føraren av bilen har ansvaret for at bilen er skodd etter forholda.

– Når det kjem snø slik som no, så er det ein dårleg ide å køyre på sommardekk, seier Karlsen.

Laster Twitter-innhold