Hopp til innhold

Kanaldronninga blir teaterbåt

Flaggskipet i Telemarkskanalen, M/S Victoria, blir tatt ut av rute før sesongen er over. – Trist og uklokt, seier reiselivsfolk og politikarar i øvre deler av Telemark.

M/S Victoria på Ulefoss

M/S Victoria på Ulefoss. Båten er bygd i 1882 i Oslo, og får sin fyrste tur til Dalen 18. mai i år.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Kanalbåten sluttar å gå opp til Dalen i Tokke 14 dagar før den opphavlege ruteplanen. Årsaka er at Victoria skal vera teaterbåt i perioden 27. august til 13. september.

– Me er veldig lei oss. Me har jobba lenge for å bygge opp trafikken i Telemarkskanalen, seier Thor Morten Halvorsen, som eig Dalen Hotel og kanalbåten Henrik Ibsen.

Han fortel at dei ulike aktørane langs Telemarkskanalen har arbeidd i fleire år for å kunne marknadsføre eit produkt som er til å stole på, som dei kan satse på frå år til år. No har kanalbåtselskapet valt å satse på å bruke Victoria for eit teateropplegg i regi av Teater Ibsen og Grenland Friteater i samband med Grunnlovsjubileet.

– Spennande og nytt

Janne Lindgren er dagleg leiar for kanalbåtselskapet . Ho trur at teateropplegget som skal skje om bord på Victoria i august og september er ein god og ny måte å marknadsføre kanalbåtane på.

Janne Lindgren

Janne Lindgren er dagleg leiar for kanalbåtselskapet. Ho trur teaterprosjektet er bra Victoria og Telemarkskanalen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Alle erfaring syner at turisttrafikken dabbar veldig av mot slutten av sesongen, og det var ikkje avtalt andre større opplegg for M/S Victoria. Det er grunnen til at styret gjekk inn i dette samarbeidet, seier ho.

Tokke kommune overraska

Turistinformasjonen på Dalen

Turistinformasjonen på Dalen sel kanalpakker med overnatting

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ordføraren i Tokke, Hilde Alice Vågslid, er ikkje glad for at Victoria sluttar å gå til Dalen i Tokke i august.

– Det er heilt sikkert positivt med teater, men eg stussar over at me som er med på spleiselaget Victoria ikkje er tatt med på råd, seier ho, og held fram:

– Korkje eg som ordførar, reiselivskonsulenten eller plan- og næringssjefen i kommunen har blitt informerte. Me får berre beskjed når det er bestemt, seier ordføraren.

Ho meiner det kan ha negative følgjer både for hotellet og reiselivet elles at kanalbåten berre går annankvar dag opp til Dalen, ikkje kvar dag som elles i sesongen.

Victoria på Telemarkskanalen

M/S Victoria på Telemarkskanalen

Avtale eller ikkje avtale – det er spørsmålet

Hotelldirektør Halvorsen meiner at det blei gjort ei avtale for to år sidan om at dei skulle ha ein ruteplan som gjekk over tre år, og at intensjonen var at framtidige ruteplanar skulle vare i fem år viss det er mogleg. Bakgrunnen for ynskje om langsiktige ruteplan, er at reiselivsaktørar planlegg fleire år på førehand.

– Ei slik avtale kjenner eg ikkje til, seier Lindgren i kanalbåtselskapet.

Heller ikkje styreleiaren i selskapet kan hugse at dei har blive einige om noko slikt.

Janne Lindgren, dagleg leiar i kanalbåtselskapet

Lindgren kan ikkje finne noko samarbeidsavtale når det gjeld ruteplanen for Victoria.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Me gjorde ei avtale i fjor med Visit Telemark for to år når det gjeld ruteplanen, men noko anna kjenner eg ikkje til, seier ho.

– Det er så mange etatar og interessentar inne, og alle meiner sitt. Sjølv om me blir einige om ein felles strategi så endrar det seg fort når folk kjem "heim att" til sine, fortel Halvorsen.

Han er frustrert over mangelen på koordinering og evne til å sjå heilskapen.

– Det er oppretta ein regionalpark som skal samordne, men dei kan ikkje bestemme noko som helst. Dei kan berre prøve å få til samarbeid, legg han til.

Halvorsen viser til at eit godt samarbeid i Tokke mellom reiselivsbedriftene, kommunen og Vest-Telemark Museum har gjort at det er gode tilbod også på slutten av den norske sesongen.

– Ute i Europa har dei andre feriemønster, så folk kjem i august/september, men då må me ha nokon å tilby, seier han.

Lindgren i kanalbåtselskapet poengterer at M/S Victoria tjuvstartar sesongen rett etter 17. mai i år, så sjølv om kanaldronninga går ut av dagleg drift litt tidlegare enn opphavleg planlag, så startar den også litt tidlegare enn planlagt i år.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark