Hopp til innhold

Kan unngå rettsak om utleigeplikt i Rauland

Det kan gå mot ei løysing når det gjeld rettssaka om utleigeplikt for hytter i Rauland.

Hytter i Austbøheiane i Rauland

Advokat Alexander Hesselberg trur det kan bli ei løysing for hytteeigarar som vil sleppe unna utleigeplikt i Rauland.

Enkelt sagt går det ut på at hytteeigarar får kjøpe seg fri frå utleigeplikta og Vierli Eiendom bygger ut eit tilsvarande talet på varme senger, altså utleigesenger.

Saka skal nå til politisk behandling i Vinje. Advokat Alexander Hesselberg i Vierli Eiendom trur dette kan løyse floken for hytteeigarar i Leirgravstaulen og Rauland Skisenter.

Alexander Hesselberg

Advokat Alexander Hesselberg.

Foto: Privat

– Desse hytteeigarane har nå eit val om anten å starte kommersiell utleige, eller søke kommunen om omregulering og om å etablere nye utleigesenger, seier Hesselberg.

Kan betale for nye senger

Han fortel at det er nye utleigesengene som Vierli har til hensikt å bygge, og hytteeigarane kan vere med å finansiere dei nye utleigehyttene.

– Med dette kan dei kome til å få ein varig reguleringsendring på hytta dei har, seier Hesselberg.

Modellen byggjer på eit prinsipp som gjer at hytteeigarane kan kjøpe seg fri frå utleigeplikta og få omregulera si tomt.

– Ei hytte som har fire senger betaler 75.000 kroner. Det er det som skal til for å bygge den eine nye senga som er ein kompensasjon for dei fire sengene. Er det åtte senger må ein betale 150.000 kroner, seier Hesselberg.

Får ei hytte som er meir verdt

Han meiner det bør vere ein motivasjonen for hytteeigarane å få ei hytte som er meir verdt enn det dei må betale for å bli kvitt utleigeplikta.

– Men dette føreset at hytteeigarane innrømmer at dei visste om utleigeplikta, og må ta omsyn til den?

– Det blir vanskeleg å uttale seg om, for der er det så mange ulike historier. Nokon meiner eigedomsmeklaren burde sagt frå. Andre meiner at andre kan ha visst det heile tida. Nokon meiner det blei opplyst, men at det blei sagt at det ikkje var noko problem, for det blei aldri kontrollert. Men det viktigaste synest eg er det ansvaret ein har sjølv til sjå kva for grunn hytta er bygt på, seier Hesselberg.

Ventar på plan og miljøutvalet

Odd Gunnar Kallevik, advokat

Advokat Odd Gunnar Kallevik.

Foto: Advokatfirmaet Eurojuris Haugesund AS

Advokat Odd Gunnar Kallevik representerer 20 hytteeigarar som har gått til rettssak. Han trur ein god del av hytteeigarane vil akseptere denne løysinga for å få saka ut av verda, mens andre held fast på at dei vil ha kjøpet heva uansett om det blir omregulering eller ikkje.

– Når det gjeld rettssaka mellom hytteeigarar på Leirgravstaulen og ved Rauland Skisenter mot Svalastog eigedom, så er den sett på vent nettopp fordi ein ventar på behandlinga av denne saka. Slik det no ligg an skal omreguleringssaka opp i plan og miljøutvalet 27. april, seier Kallevik.