SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Den Norske Turistforening Oslo og Omegn, fekk lov til å kviste skiløypene i går. Nå vurderer advokaten til grunneigarane Olav Felland å gå til retten veg for å få omgjort avgjerda.
Kvistinga kan bli stoppa
- Det var eit merkeleg vedtak. Når turistforeninga har forsøkt å tvinge seg fram med ei merka skiløype i førti år, så hadde eg rekna med at direktoratet hadde gjort ei grundigare vurdering, seier Felland.
Har ikkje gjort jobben sin
Han trur dette er eit eller anna form for hastevedtak.
Felland tvilar altså på om Direktoratet for naturforvalting har gjort jobben sin skikkelig då dei bestemte at skiløypene frå Haukeliseter til Hellevassbu og Litlos skal bli merka før påske.
- Nei det trur eg ikkje at dei har gjort. Eg trur forvaltina i Trondheim har latt seg styre av turistforeninga, seier Felland.
Vil skade samarbeidet
Han trur dette også vil føre til skadeverknader i samarbeidsforholdet mellom grunneigarar og turistforeninga på Hardangervidda.
Nå vil han klage på vedtaket, i håp om at arbeidet med kvistinga blir stoppa til klagen er behandla.
Vil ikkje direktoratet det, vil han vurdere å gå rettens veg for å få stoppa kvistinga.
- Eg vil gå til tingretten for å få dei til å stoppe arbeidet med denne merkinga no før påske, seier Felland.