Hopp til innhold

Kan spara milliardar på lågare sjukefråvær

NAV-direktør Sigrun Vågeng rosar arbeidet som er gjort i Kviteseid for å få ned sjukefråværet. Å redusere fråværet med berre eitt prosentpoeng, vil spara staten for nesten sju milliardar kroner.

Sigrun Vågeng

GODT EKSEMPEL: Nav-direktør Sigrun Vågeng meiner arbeidet som er gjort i Kviteseid er eit godt eksempel som andre kommunar kan lære av.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Vi har jobba for å få sjukefråværet ned og partane i arbeidslivet har også jobba mykje med det. Så ser vi at på landsbasis så har vi ikkje nådd alle dei måla vi skulle nå i avtala om eit inkluderande arbeidsliv, seier NAV-direktør Sigrun Vågeng.

Kviteseide omsorgssenter

Einingsleiar Une Marit Tangen ved Kviteseid Omsorgssenter seier lågt sjukefråvær er ferskvare, og noko som må jobbas med kvar dag.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det legemelde sjukefråværet i 2016 var på 5,4 prosent, og gav utbetalingar frå staten på 36 milliardar kroner. Ved å reduserer det trygdefinansierte sjukefråværet med eitt prosentpoeng, vil staten spara 6,7 milliardar kroner, viser ei utrekning frå NAV.

– Å ta tak i ting, slik som er gjort i Kviteseid, er ein nøkkel til å få ned sjukefråværet, seier NAV-direktøren.

Les også: Reduserte sjukefråværet med 70 prosent

Fekk ned fråværet med 70 prosent

I Kviteseid måtte det ein real hestekur til for å oppnå dei gode resultata, men metoden er enkel. Einingsleiar ved Kviteseid Omsorgssenter Une Marit Tangen byrja å kartlegge sjukefråværet til dei tilsette, for så å konfrontere kvar enkelt med sitt fråvær.

Nokre vart sinte, og andre vart lei seg i starten. Mange visste ikkje kor mykje fråvær dei hadde, seier Tangen.

Ho understrekar at å involvere dei tilsette og tillitsvalde er viktig for å oppnå dei gode resultata.

Alle er godt nøgde med at fråværet er redusert frå over 15 prosent til 4,4 prosent. Men lågt sjukefråvær er ferskvare, vi jobbar med dette kvar dag, seier Tangen.

Rosar det som er gjort i Kviteseid

NAV-direktøren har fått med seg kva ein har fått til i Kviteseid. Ho fortel at det blir arbeidd på fleire måtar med å redusere sjukefråværet i fleire sektorar i samfunnet. Ho er likevel klar på at noko av det viktigaste ein kan gjera er å lære av metodar som ein veit fungerer.

Nav har anmeldt trygdesvindel for 100 millioner kroner

Å overføre gode metodar samt bli betre på digitale løysingar er viktig for å få ned sjukefråværet meiner NAV-direktøren.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Eg synest dette er eit strålande eksempel på at tett oppfølging og god dialog mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar er det som skal til. Det er eit veldig godt eksempel på at det er nøkkelen til å koma i gang med eit godt sjukefråværsarbeid, og bør kunne nyttast andre stader også, seier Vågeng.

Gode idear og digitalisering

I tillegg til å utnytte gode idear og tiltak er digitale løysingar ein nøkkel for å oppnå betre resultat enn det som er tilfelle i dag, meiner Vågeng.

– Vi er opptekne av å dele denne kunnskapen som Kviteseid nå har. I tillegg skal vi utvikle gode digitale løysingar slik at ein kan ha verktøy for å enklare leggje til rette for ein arbeidskvardag der det er behov for det, avsluttar Vågeng.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark