NRK Meny

Kan redusere tarmkreftdødlegheit

Sjukehuset Telemark har delteke i ein studie som viser at tidlege undersøkingar og behandling kan redusere dødlegheit av tarmkreft med 27 prosent. 100.000 nordmenn frå Telemark og Oslo har deltatt i studien sidan 1999. 21.000 av dei blei invitert til ei screeningundersøking med tarmkikkert ved Ullevål sjukehus og Sjukehuset Telemark i Porsgrunn.