NRK Meny

Kan gje råd til asylmottak

– Kommunar som får akuttmottak for asylsøkjarar, kan ha nytte av å rådføre seg med Nome Statlege Mottak, seier dagleg leiar Anne Stokken. Mottaket har vore i drift i sidan 1993 og kan huse om lag 200 personar. Anne Stokken meiner kommunane sjølv bør drive mottaka, fordi det er kommunane som likevel må levere det dei som bur der har krav på.