Hopp til innhold

Rekordstor gaupekvote

Det blir ein rekordstor kvote under vinterens kvotejakt etter gaupe.

Gaupe med unger

Det er for mange ynglande gauper i Buskerud, Telemark, Vestfold og Aust-Agder, meiner den regionale rovviltnemnda.

Foto: Forsberg, Espen / SCANPIX

Den regionale rovviltnemnda har i dag fastsett kvoten til 35 dyr i området som omfattar Telemark, Buskerud, Vestfold og Aust-Agder.

Les også:

Leiar i den regionale rovviltnemnda, Jørund A. Ruud, seier at nemnda har auka kvoten frå 30 dyr i fjor til 35 i år fordi det er for mykje gaupe i denne regionen.

Gaupa er ikkje ein truga art

Jørund A. Ruud.

Jørund A. Ruud i rovviltnemnda.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

Han fortel at det nasjonale målet er 12 ynglande gauper i desse fire fylka.

– Men det siste tiåret har vi hatt mellom 15 og 17 gauper som får ungar. Så det er rett og slett for mange gauper i forhold til det Stortinget og regjeringa har bestemt, seier Ruud.

– Men gjennom den såkalla Bern-konvensjonen har Norge forplikta seg til å ha ein levedyktig bestand. Er det mogleg med denne kvoten?

– Ja. Gaupa er ikkje truga som art. Verken i denne regionen eller i Norge. Vi har litt mindre gaupe enn det nasjonale bestandsmålet, men i vår del har vi for mykje, seier Ruud.

Han meiner det er fullt forsvarleg ut frå faglege vurderingar å sette gaupekvoten til 35 dyr i region 2.

– Vedtaket er gjort etter vurderingar og råd av våre fagfolk, seier Ruud.

Kan ikkje kombinere rovdyr og småfe

Tormod Svartdal, Naturvernforbundet

Tormod Svartdal i Naturvernforbundet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Leiar i Naturvernforbundet i Telemark, Tormod Svartdal, seier det ikkje er ønskjeleg med ein så stor gaupekvote som det den regionale rovviltnemnda har gjort vedtak om.

– Men vi innser at vedtaket er i tråd med næringspolitikken for landbruk og viltforvalting, der desse interessene blir sett opp mot naturvern og rovdyrinteressene, seier Svartdal.

Han meiner det er ein uløyseleg konflikt.

– Vi må ikkje vere så naive at vi trur at sau, gaupe og for så vidt ulv og andre rovdyr kan dele dei same beitemarkene utan at det går gale, seier Svartdal.

– Men forstår du ikkje at bestanden må skytast ned for å redusere tap av småfe på beite?

– Så lenge småfe skal vere på beite i desse områda, så må vi akseptere at rovdyra ikkje kan vere der. Men vi må ta debatten om kor vi skal ha småfe og storfe på beite, og kor rovdyra skal få lov til å leve sitt liv. Det går ikkje an å kombinere desse i same område, seier Svartdal.