Det er nesten like mange som det totale talet på dyr som blei registrert på Hardangervidda ved siste teljing i mars i år. Villreinnemnda reknar med at det kan vere om lag 12.000 reinsdyr på vidda.
- Les også:
Høg fellingskvote
Leiar i Villreinnemnda, Olav H. Opedal, seier at fellingskvoten er vedtatt i samsvar med dei tilrådingane som Villreinutvalet hadde.
– Det blir ei relativ høg fellingskvote på Hardangervidda no til hausten, seier Opedal.
- Les også:
– Kvifor er fellingskvoten sett så høgt?
– Vi har erfaringstal som fortel at det er veldig vanskeleg å ta ut meir enn tretti prosent av fellingskvoten, seier Opedal.
Vil ha stabil villreinstamme
Han fortel at Villreinnemnda var einig i at Villreinutvalet har kome med ei tilråding som la seg på ei sikker felling i høve til dyretalet på Hardangervidda.
– Det er ikkje ønskjeleg med ein ukontrollert vekst i villreinstammen på Hardangervidda, seier Opedal.
Villreinnemnda har sett fellingskvoten så høgt for å kunne ha ei stabil villreinstamme med omsyn til kor mange dyr det er på Hardangervidda.
– Vi reknar med at det blir felt om lag 3000 dyr under villreinjakta til hausten, seier Opedal.
- Les også: