Hopp til innhold

Her kan det bli automatisk trafikkontroll

Her kan det bli automatisk trafikkontroll dersom regjeringa gir grønt lys.

Århus-Gvammen

Denne tunnelen gjennom Mælefjell i Seljord og Hjartdal kommune kan få automatisk trafikkontroll med automatisk måling av gjennomsnittsfart.

Foto: Statens vegvesen

Mælefjelltunnelen mellom Århus og Gvammen kan bli neste strekning med måling av gjennomsnittsfart i Telemark.

Trafikkoordinator Dag Thommasen seier at politiet har vore i dialog med vegstellet om gjennomsnittsmåling på denne strekninga.

– Men det ligg ikkje føre konkrete planar, understrekar Thomassen.

Dag Thomassen sit i ei arbeidsgruppe for Politidirektoratet som ser på bruken av automatisk trafikkontroll i framtida.

Har sagt nei

Dag Thomassen

Dag Thomassen er trafikkoordinator i Telemark politidistrikt.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

I Telemark er det gjort erfaring med automatisk måling av gjennomsnittsfart på E18 i Bamble og Kragerø kommune.

– Her er gjennomsnittsfarten blitt målt sidan 2009, seier Thomassen.

Ein ny rapport frå Transportøkonomisk Institutt viser at gjennomsnittsmålinga av fart på norske vegar reduserer talet på drepne og hardt skadde med over 50 prosent.

Samferdselsdepartementet har førebels sagt nei til fleire fotoboksar som måler gjennomsnittsfarten på bilistane.

– Eg trur ikkje desse strekningane kjem like heldig ut som rapporten viser, fordi det er gjort så mange andre tiltak på E18 som reduserer talet på ulykker, seier Thomassen.

Strenge reglar

– Viss regjeringa opnar for å innføre fleire strekningar med gjennomsnittsmål. Kor i Telemark er det aktuelt?

– Per i dag er det ingen planar. Det einaste vegstellet og politiet har hatt ein dialog om er strekninga på den nye tunnelen mellom Århus og Gvammen, seier Thomassen.

Les også: Slik blir strekningen Århus-Gvammen

Men Thomassen seier at det ikkje er gjort noko for å planlegge dette etter at styresmaktene stoppa denne type gjennomsnittsmålingar fram til rapporten frå Transportøkonomisk Institutt låg føre.

– No får vi sjå kva samferdsledepartementet seier. Det er strenge reglar for å få automatisk trafikkontroll. Det skal vere mange ulykker, fleire enn det som er normalt for denne type vegstrekningar, og ulykkene skal vere knytt til høg fart, seier Thomassen.