Hopp til innhold

Kan ein spesiallaga ring stoppe snorking?

PORSGRUNN (NRK): Ho var i ferd med å forlata ektesenga på grunn av snorking, men så fekk ho hjelp av noko ho sjølv var særdeles skeptisk til. No har ho endra syn.

SNORKERING AV SØLV: Arnhild Jacobsen har tatt patent på det ho meiner er eit vedundermiddel mot snorking.

Apotekerteknikar Ida Lindland

Apotekarteknikar Ida Lindland har fleire ting å by på for snorkarar.

Foto: Anne Lognvik

– Me har spray, snorkeplaster og snorkeskinne, seier apotekarteknikar Ida Lindland på Apotek 1 på Hovenga i Porsgrunn.

Ho fortel at dei ikkje kan garantere at folk blir snorkefrie, men at det går an å teste ut dei ulike midla. Mange snorkarar kjem på apoteket og spør om hjelp, snorking er utbreidd.

Byggjer på kinesiologi

Arnhild Jakobsen syner fram ringane ho har tatt patent på, og selt tusenvis av.

Opphavleg kjem ideen frå kinesiologien, og bygger på tusen år gamal kunnskap. Metoden er kinesiske akupressur som ikkje stikk gjennom huda som ein gjer ved akupunktur, men press på huda som visstnok skal stimulere hjernen, ifølgje Jakobsen.

Ho er ikkje fagutdanna og veit ikkje nok om dette, seier ho. Men det at ein del snorkarar har hatt nytte av ringen, er viktig for Jakobsen. Ho veit kva det betyr å ligge vaken om natta og høyre etter om ektefellen pustar.

Arnhild K Jakobsen

Arnhild Jakobsen var på veg ut av ektesenga på grunn av snorking.

Foto: Anne Lognvik

Garanti for å bli 100 prosent nøgd

– Viss folk ikkje er nøgde med snorkeringen, kan dei få pengane att, seier Anhild Jakobsen.

Ho er utdanna sølvsmed, og er mest glad i å laga bunadsøljer til telemarksbunaden.

Sølvsmed Arnhild Jakobsen

Det morosamast er å lage bunadsøljer, seier Jakobsen. Ho har levt med kreft i ti år, arbeidet på verkstaden gjev stor glede.

Foto: Anne Lognvik

Snorkestopp-ringen lagar ho mest for å hjelpe folk, ikkje fordi den er ei stor utfordring å lage handverksmessig. Ho meiner også at ringen hjelper for å få betre og meir regelmessig søvn.

Ho fekk sjølv brystkreft for 10 år sidan og har levt med sjukdommen etter det. I lange periodar har ho slite med å få sova, men også for henne har ringen hjelpt, avsluttar Arnhild Jakobsen.

Snorkestopp-ring

Slik ser snorkestopp-ringen ut.

Foto: Anne Lognvik

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark