NRK Meny

Kan blir rettsak om eigedomsskatt

Hytteeigarane i Hjartdal kan likevel gå til rettsak om eigedomsskatt i kommunen. I eit brev til kommunen skriv fleire hytteforeiningar at det nye forslaget til rådmannen i liten grad har tatt hensyn til deira fellesklage. Hytteeigarane meiner dei framleis blir forskjellsbehandla og har bedt eit advokatfirma om råd for ei eventuell rettsak mot Hjartdal kommune.