Hopp til innhold

Kan bli rettsak om Gaustatoppen

Arvingane etter dei tidlegare grunneigarane vil ikkje godta at Forsvaret overfører den øvste delen av Gaustatoppen til Direktoratet for Naturforvaltning.

Gaustatoppen

Det kan bli rettsak om fjellområda på toppen av Gaustatoppen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Advokat Olav Felland meiner etterkomarane har forkjøpsrett til eigedomen. No kan det gå mot rettssak - om retten til å eige toppen av fjellet.

– Vi er i allefall førebudd på ei eventuell rettsak for grunneigarane vil ikkje gje frå seg det arealet som dei no har sjansen til å få hand om, seier Felland.

Olav Felland

Advokat Olav Felland.

Foto: Arnulf Møllerstad / NRK

Advokaten representerer tre grunneigarar som vil kjøpe tilbake fjellområdet ved Gaustatoppen som blei selt til Forsvaret i 1955.

Direktoratet vil overta

Direktoratet for Naturforvalting har meldt si interesse for å overta den 7-800 mål store natureigedomen.

Kommunikasjonsjef i Skifte eiendom, Ivan Fjeldheim-Pettersen meiner at grunneigarane ikkje kan kreve forkjøpsrett.

Han meiner ei overføring mellom statlege forvaltingseiningar ikkje fører til at eigedomen skiftar eigar.

Ivan Fjeldheim-Pettersen

Ivan Fjeldheim-Pettersen i Skifte Eiendom.

Foto: Skifte Eiendom

– Staten er fortsatt eigar av eigedomen. Forkjøpsretten blir utløyst etter lova når eigedomen skiftar eigar, og det er ikkje tilfelle her, seier Fjeldheim-Pettersen.

Kan ha forkjøpsrett likevel

Men advokat Olav Felland vil ikkje vere med på det utan vidare.

– Det er ikkje opplagt at staten berre kan føre denne eigedomen over frå Forsvarsdepartementet til eit direktorat. Det er å skifte eigarposisjon, seier Felland.

Han meiner det godt kan tenkjast at forkjøpsretten blir utløyst likevel, og er viljug til å prøve saka for rettsapparatet.