NRK Meny
Normal

Denne kalven har fått namnet til ein statsråd

– Han er ganske skjønn og liten. Sjekk kva for statsråd statsministeren snakkar om.

Kalven Torbjørn

Kalven Torbjørn får helse på statsminister Erna Solberg.

Foto: SMK

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fekk i dag kalla opp ein kalv etter seg av statsministeren.

Statsminister Erna Solberg (H) var på besøk på Rustad gard i Nes på Romerike saman med landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp).

Bjørn H. Westby på Rustad gard var så nøgd med regjeringsskiftet at første kalv som vart født etter valet i fjor fekk namnet Erna.

Eit snautt år etter har det vore nok ein fødsel i fjøset. Den nokre timar unge kalven har knapt komme seg på beina før fjøset bli invadert av statsrådar og pressekorps tysdag formiddag.

(Saka held fram under bilete)

Kalven Torbjørn

Den nyfødde kalven blei døypt Torbjørn av statsminister Erna Solberg i dag.

Foto: SMK

Torbjørn er eit flott namn

Statsminister Solberg hadde snakka saman med landbruksminister Listhaug om kven i regjeringa dei skulle kalle den nyfødde kalven opp etter.

– Det var freistande å gje kalven namn etter det yngste medlem i regjeringa, seier Solberg til NRK.

– Synest du Torbjørn Røe Isaksen er ein flott mann?

– Ja. Og så var det ein skjønn, liten kalv. Men no var det no mest det at kalven var den yngste i fjøset, og det var jo også ein oksekalv. Det blir nok ein stor sterk okse til slutt, seier Solberg til NRK.

Tar det med humor

Torbjørn Røe Isaksen

Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Er det eit komplement å bli kalla skjønn og liten av statsministeren?

– Torbjørn har svart at han ser på det som eit komplement, så det går bra. Det er jo også ei ku i fjøset på eitt år som heiter Erna, så vi får alle ta det litt humoristisk, seier Solberg.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen synest det er flott å få ein kalv kalla opp etter seg.

– Eg har ingen kyr eller andre dyr kalla opp etter meg. Så det synest eg er fint, særleg når eg høyrer at det er ein fin liten kalv som kjem til å vekse opp til å bli ein stor sterk okse, seier Isaksen.

Ikkje skjulte motiv

– Så du trur ikkje statsministeren har skjulte motiv?

– Viss det ikkje er slik at vi får den kalven servert på neste regjeringsmiddag, så har eg ikkje noko å frykte, trur eg, seier Isaksen.

Erna Solberg

Erna Solberg.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Eg skal love deg at det blir den ikkje. Det blir nok ein stor sterk okse etter kvart, seier Solberg.

I fjor fekk byråd frå Venstre Olav Elvestuen som den første politikaren kalla opp eit insekt etter seg. Det var ein veps, og det hadde ikkje skjedd på nesten hundre år.

Er ikkje glad i veps

– Føler du deg privilegert som heller har fått ein kalv kalla opp etter deg?

– Eg er ikkje så veldig glad i veps. Så det er meir hyggeleg å få ein koseleg kalv kalla opp etter seg, enn eit insekt som plagar folk om sommaren, seier Isaksen.

– Kjem du til å skaffe deg eit kjæledyr og kalle det for Erna no?

– No finst det jo ei ku som heiter Erna. Men kanskje, viss eg er på besøk på ein gard i Telemark eller andre stader der det er nokon dyr som skal få namn, så har eg i alle fall eit namn på lager, seier Isaksen.

  • Kjørte dobbelt så fort

    En bilfører i Skien fikk førerkortet beslaglagt og er anmeldt etter å ha kjørt i 79 km i timen i en 40-sone på Ulefossveien. Politiet stoppet føreren klokka 17.10.

  • Nesbø fjerna som produsent

    Forfatter Jo Nesbø står ikke lenger oppført som produsent av «Snømannen», skriver VG. Sammen med agenten Niclas Salomonsson ble navnene fjerna som produsenter fra filmdatabasen IMDb. Filmen er blant annet filmet på Rjukan, men har fått dårlige kritikker.

    Snømannen
    Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK
  • Felles legevakt bør ligge i Skien

    Det mener det politiske flertallet i hovedutvalg for helse og velferd i Skien, skriver Varden. Flertallet mener også en felles legevakt for Stor-Grenland bør ligge - om ikke akkurat der dagens legevakt er, men ved Sykehuset Telemark i Skien.

    Telemark sykehus
    Foto: Lars Tore Endresen / NRK
  • Byggebransjen i vekst

    Byggebransjen i Telemark har hatt en solid vekst.
    Det viser tall SSB har lagt ut for 3. termin i år. Omsetninga innenfor byggebransjen har økt med 13 prosent sammenligna med samme periode i fjor. Det tilsvarer 250 millioner kroner.

    Byggebransjen
    Foto: HENNING TVEITO / NRK