Hopp til innhold

Snart er det jul igjen

– Dei fleste av oss går rundt og nyt sommarvarmen, badar, et reker og is. Men nokon gler seg til jul.

Erik Dahl i Bamble gjer klar juletrea som skal ut på marknaden om fire månader

Her førebur Erik Dahl julehandelen.

Juletre

Det ligg mykje arbeid bak desse tre som blei planta for ni år sidan.

Foto: Anne Lognvik / NRK

I delar av landet har ein snørik vinter, tørr vår og rekordvarm sommar gjort at bartrea lir. I store område tørkar særleg grantrea, og skadane er synlege blant anna hjå fleire juletreprodusentar.

– La den norske julegrana bli!

Men i Bamble i Telemark gler dei seg til jul.I desse dagar blir siste finpussen gjort på dei rundt juletrea som skal ut på marknaden i november og desember.

Folk er mykje meir kresne på juletrea no enn for tjuge år sidan

Folk er mykje meir kresne på juletrea no enn for tjuge år sidan seier juletreprodusent Erik Dahl i Bamble. Han går frå tre til tre og friserer alle. Han nyt å gå i shorts og gle seg til jul

Foto: Anne Lognvik / NRK

Planta for ni år sidan

– Dei trea som me sel før jul i år, blei planta for ni år sidan, fortel Erik Dahl på Åby i Bamble. Han gler segt til å selje trea han no har gjort klare. Det ligg mykje arbeid bak eit lubbent, jamt og fint tre. Annan landbruksproduksjon kan du gjerne vera litt fleksibel i forhold til, men når det gjeld juletre må jobben gjerast til tida.

– Passar du ikkje på, og gjer både skjering og gjødsling til rett tid, kan du fort ende opp med tre som ingen vil betale for, seier Dahl.

2000 tre står og ventar

I Rogaland og delar av Vestlandet, er det mange juletreprodusentar som har fått merke at den tørre våren og rekordvarme sommaren har gått hardt ut over juletreproduksjonen.

– Men me har vore heldige, seier Dahl. Det har kome ein del regn, og juletreskogen står veldig fint i år. Ikkje eit tre er tørkeskadd.

Opp til 600 kroner for eit tre

Erik Dahl gler seg til å stå utanfor kjøpesenter og andre stader for å selje juletre.'

– Det er ein triveleg jobb, seier han. Sjølv om folk gjerne skulle hatt treet gratis, betalar dei utan å mukke viss dei finn eit tre dei blir nøgde med.

– Det blir ingen prisauke i år, det kan eg love, understrekar Dahl.

Prisen på eit grantre blir frå 250 kroner og oppover, for ei edelgran må du rekne med å betale 5–600 kroner.

Om fem månader kan du kanskje nyte godt av den jobben som Erik Dahl og andre juletreprodusentar gjorde i rekordvarme julidagar.