Hopp til innhold

Julekalender 2016

I desember blir det julekalender i Telemarksendinga. Kjende og mindre kjende telemarkingar fortel om sitt forhold til jula. Dei fleste har gode minne, men for nokon er jula ei vanskeleg tid.

Jula er godt samvær, god mat, familie og fred for mange, men det kan også vera tida då sorg og sakn blir ekstra sterkt. Desse temaene vil verte prata om i NRK Telemark sin julekalender.

Kalenderen kan du følgje på morgonsendinga vår på radio. Fleire av episodane vil også verte publisert som videoar på vår Facebook-side.

Her ser du kven som er med i kvar episode:

01.12 Loppedåpan barnehage i Siljan: Ungane skriv gåveynskje til julenissen.

02.12 Ingebjørg Bratland: Redd for nissane i leikestoga.

05.12 Jostein Forsberg: Kranglar med mor om krumkaker.

06.12 Viviane Da Silva Santos og Petter Dahlgren: Likar snø, men berre i jula.

07.12 Knut Buen: Må springe for å koma unna all jolemusikken før jol.

08.12 Anne Rimmen: om mammalykke og krangel med broren.

09.12 Terje Håkonsen: om å ikkje få snøbrett av foreldra til jul.

12.12 Verona Delic: Glad jul med samla familie.

13.12 Jarle Roheim Håkonsen: Syng og dansar i nissedrakt, ein slager i familien.

14.12 Tim Thomter Bjørnsson: Gret over julegåva han fekk av far.

15.12 Mariann Roe: Rømmer huset med far og bror, mens mor steiker ribba.

16.12 Willy Solberg: Jula er verste tida når du har mista nokon nær deg.

19.12 Ingebjørg Buen: Om å krangle, og om å øydelegge julepakka til systera.

20.12 Odd Nordstoga: Om kafastrofa i Oslo Spektrum, om livsfarlege ljos.

21.12 Kristin Larsen: Jobbar når andre har fri, og trivast med det.

22.12 Lene Vågsli: Om å gråte seg heilt bort på julekvelden, og om mammarolla.

23.12 Janne Bøe: Om varmt samvær, sorg over systera og smultringar.