NRK Meny

Krigshelten sin draum blir oppfylt

Tungtvassabotøren Joachim Rønneberg får sitt ønske oppfylt. I dag blei prosjektet for korleis restane av tungtvasskjellaren skal kome fram i lyset presentert på Rjukan.

Joachim Rønneberg som leia tungtvassaksjonen i 1943, blei presentert for prosjektet i juli 2016.

NYTT KRIGSMUSEUM: Joachim Rønneberg samtaler med direktør ved Norsk Industriarbeidarmuseum, Runar Lia, rundt planane om å grave ut tungtvasskjellaren og lage ei utstilling der. Foto/video: Norsk Industriarbeidermuseum og Bjørn-Owe Holmberg

Det er 74 år sidan sabotørane, leia av Joachim Rønneberg, klarte å ta seg fram til anlegget på Vemork natta mellom 27. og 28. februar i 1943.

I løpet av nokre minuttar var ladningane festa, og eksplosjonen som følgde kort tid etter, øydela cellene som produserte den dyrebare væska.

I 1929 stod Norsk Hydros hydrogenfabrikk på Vemork ferdig. Fabrikken var ein del av Hydro si satsing i Telemark som nytta seg av det store potensialet for fossekraft i fylket. Men fabrikken er likevel mest kjent som åstad for ei av andre verdskrigs mest spektakulære sabotasjeaksjonar.

Hydrogenfabrikken ved Vemork

Hydrogenfabrikken stod åtte meter frå kraftstasjon på Vemork som i dag er Norsk Industriarbeidermuseum.

Foto: Ukjent fotograf / Norsk Hydros fotosamling

Ny bygning rundt utgravingane

I dag den 28. februar presenterer Telemark fylkeskommune og Norsk Industriarbeidarmuseum prosjektet "Jakta på tungtvasskjellaren – Hydrogenfabrikken på Vemork".

Fylkesordførar, Sven Tore Løkslid, seier han gler seg til å presentere skisseprosjektet frå Point AS, og offisielt overlevere prosjektet til Norsk Industriarbeidarmuseum.

Her blei teikningane presentert for det nye krigsmuseet som skal byggast rundt utgravinga av tungtvasskjellaren.

Fylkeskommunen arbeider målretta for at kulturminne gjennom bruk og formidling skal vere grunnlag for verdiskaping gjennom blant anna økt turisme, og at dei skal styrke lokal identitet, særpreg og kultur.

Løkslid meiner Hydrogenfabrikken er eit kulturminne med lokal, nasjonal og internasjonal verdi, og vil vere ei viktig plattform for å realisere av desse måla.

Sven Tore Løkslid og Runar Lia

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid overleverer prosjektet for det nye krigsmuseet på Vemork til Runar Lia, direktør for Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan.

Foto: Sigmund Bolme / Telemark fylkeskommune

Vil vise fram der det skjedde

Direktør ved Norsk Industriarbeidarmuseum, Runar Lia, kjenner seg trygg på at det nye museumsbygget vil stå ferdig i 2018.

– Det blir fantastisk å kunne formidle krigshistoria i eit nytt bygg der tungtvassaksjonen faktisk skjedde, seier Lia.

Formidlar av krigshistoria på Rjukan, Tor Nicolaysen, fortalde om aksjonen som var retta mot tungtvassanlegget i 1943.

– Dette krigsmuseet er det største som har skjedd i museet si historie. At vi kan ta vare på minna til dei som var viljuge til å ofre livet, og kom frå det med helsa i tilstand.

Tor Nicolaysen, krigshistoriker

Krigshistorikar Tor Nicolaysen framfor skissa av slik den nye tungtvasskjellaren kan bli sjåande ut.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Synd det ikkje er gjort før

Joachim Rønneberg som leia tungtvassaksjonen i 1943, blei presentert for prosjektet i juli 2016.

– Det er synd dette ikkje blei gjort for lenge sidan, sa Rønneberg i samtale med Runar Lia. For Rønneberg er heilt sikker på at dagens unge ønsker å lære om både krigen og om kva som skjedde på Vemork.

Joachim Rønneberg har tidlegare uttalt at han skulle ønske at Hydrogenfabrikken kunne bli synleggjort for besøkjande på Rjukan, og dette ønsket er den direkte bakgrunnen til at Telemark fylkeskommune har sett i gang dette prosjektet.

Joachim Rønneberg fortel om aksjonen i ein dokumentar som blei vist på NRK1.