Hopp til innhold

IT-gigant vil til Skien

Det amerikansk firmaet EID Passport er i Skien for å forhandle om etablering av sitt europeiske hovudkontor i Grenland. Ein avtale kan bety mellom 40 og fleire hundre nye arbeidsplassar.

Eid passport

Styreformann Steve Larson, president Jim Robell og finansdirektør Sean Sullivan var i Skien for å forhandle om etablering av eit europeisk hovudkontor.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Telemark fylkeskommune ønsker å bruke 300.000 kroner for å få på plass etablering av det amerikanske selskapet EID Passport i Telemark.

Selskapet er mest kjent for utvikling av biometriske pass og inngangsbillett. Og er godkjent av det amerikanske forsvaret og FBI.

EID Passport utviklar høgteknologiske tryggingssystem for industrien, forsvaret og finanssektoren.

Har slekt i Noreg

Steve Larson, Eid passport

Styreformann Steve Larson med eit id-kort frå Eid passport.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Selskapet omsette for over 40 millionar dollar i 2012 og er etter eige utsegn det 15. største privateigde tryggingsselskapet i USA.

Eid passport var i Skien med heile toppleiinga til stades i dag for å møte representantar frå Invest i Telemark, Telemark fylkeskommune og Skien kommune.

President i Eid passport Jim Robell var i Skien for tredje gong, og finansdirektør Sean Sullivan var her for andre gong. Denne gongen var også styreformann og grunnlegger Steve Larson med.

Eid passport har hovudkontor i Portland i staten Oregon. Men har også etablert i eit kontor i Minot i Nord-Dakota der styreformann Stev Larson har slektningar. Slekta til Steve Larson kjem frå Noreg.

Eg har alltid hatt lyst til å kome til Noreg, fordi eg har høyrt så mykje om landet i barndomen, seier Larson.

Har høyrt mykje om Skien

Han seier det er litt tidleg å seie kva kontraktar selskapet kjem til å konkurrere om i Noreg, men meiner Eid passport har kunnskapen som skal til for å kunne konkurrere om å produsere det nasjonale id-kortet for nordmenn.

Eid passport har løysingar for enkle id-kort og for meir komplekse løysingar.

Vi må lære meir om kva moglegheiter som finst, og korleis vi skal gå fram, seier Larson.

Larson fortel at interessa for Skien kjem frå den tida han vaks opp i Minot og høyrde om Skien som vennskapsby, og difor hadde han veldig lyst til å besøke byen. Men før det blir teke ei avgjerd er det mykje som må undersøkast og reknast på.

Bjørn Richard Johansen

Bjørn Richard Johansen fortel at Invest in Telemark arbeider med mange spennande prosjekt.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Men som selskap ønskjer vi å fokusere på Noreg, før vi går vidare til den europeiske marknaden. Vi er blitt kontakta av mange land som ønskjer at vi skal tilby våre løysingar, men vi trur Noreg kan vere ein test for våre produkt, seier Larson.

Han meiner Noreg er passe stort med sine om lag fem millionar innbyggarar, og legg også vekt på dei gode samarbeidspartnarane Eid passport har fått.

Dessutan ser Noreg ut til å ha eit forsprang når det gjeld å ta i bruk dei id-løysingane vi kan tilby nå, seier Larson.

Vil hjelpe selskapet

Bjørn Richard Johansen seier at Invest in Telemark arbeider med fleire spennande prosjekt som kan etablere seg i Grenland, og EID passport er eit av desse.

Det er viktig at vi gjer alt vi kan for å få dette på plass, seier Johansen.

Selskapet kjemt truleg til å starte forsiktig om dei etablerer seg i Grenland, og seinare tilsette fleire og kome opp i om lag 30 tilsette.

Men lukkast dei med etableringa kan det bli snakk så mykje som 300 tilsette, seier Johansen.

Han meiner Invest in Telemark har lukkast med å overtyde det amerikanske selskapet om at Skien og Telemark er ein spennande plass å etablere seg i Europa. Leiinga i selskapet har også fått møte aktørar dei kan samarbeide med i Grenland.

Terje Riis-Johansen

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen meiner det gir sjølvtillit å vere med i finalen i ein internasjonal konkurranse om etablering av europakontoret til eit stort selskap.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Dei er også i ferd med å forstå den norske tenkemåten. Og det trur eg er viktig for at dei skal kunne ta ei avgjerd for kor dei skal etablere sitt europeiske hovudkontor. Men vi gjer alt som står i vår makt for å hjelpe dei til å bestemme seg for Noreg og Telemark, seier Johansen.

Stor sjanse for Grenland

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen seier dette er ein stor sjanse til å få eit velrenommert selskap i ein bransje som veks til å etablere seg i Telemark.

Det gjev oss også sjølvtillit at vi kan vinne i ein internasjonal konkurranse. Og det viser at Telemark har noko å by på, seier Riis-Johansen.

Fylkesordføraren meiner også det historiske samarbeidet mellom Telemark og Nord-Dakota, og Skien og Minot er viktig for at denne sjansen oppstod.

Dette hadde ikkje vore mogleg utan det samarbeidet, seier Riis-Johansen.

Han fortel at kontakten starta med personlege relasjonar og nokre besøk og så har det utvikla seg vidare ut frå det. Riis-Johansen seier det viktigaste er å viser fram det Telemark og Grenland kan tilby.

Vi kan ikkje bløffe om ting vi ikkje har.

Riis-Johansen meiner Telemark har god tilgang på arbeidskraft og god tilgang på stader der selskapet kan etablere seg. Og det er lett tilgang til det politiske maktapparatet, fordi Noreg har eit opent system.

Og vi har trygge rammevilkår, som vi trur betyr noko, seier Riis-Johansen.

Etter møtet med ordførar Hedda Foss Five på rådhuset i Skien, går turen til Oslo og Stortinget der stortingsrepresentant Kristian Norheim vil ta i mot, og truleg få til eit møte med justisminister Anders Anundsen.

Eid passport i Skien

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen fortel om industrihistoria i sentrum av Skien til leiinga i Eid passport.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark