Hopp til innhold

Her losnar isblokka rett under klatraren

Den tsjekkiske klatraren var på veg opp den islagte fossen på Rjukan då ei enorm isblokk på fleire tonn losna rett under beina hans.

BRAKK I TO: I det klatraren sette øksa i isen framfor seg, forsvann heile blokka under han.

Kvart år strøymer isklatrarar frå heile verda for å klatre i dei rundt 200 islagte fossane på Rjukan. Men det er ikkje slett ikkje utan risiko.

Dei siste ti åra har fleire utanlandske klatrarar mista livet i fossane på Rjukan.

I ein nyleg publisert video kan ein sjå kor farleg aktiviteten kan vere.

Tsjekkiske David Kovařík stod og filma kameraten som hadde klatra langt opp på ei is-tunge i fossen.

I det klatraren sette øksa fast i isen for å ta neste steg, såg Kovařík gjennom kameraet at den store isblokka brått losna frå fossen.

Kameraten greidde å henge fast etter armane i blokka ovanfor ei lita stund til, før han mista taket.

– Eg fekk sjokk og klarte ikkje tenke i det heile. Då eg kom til meg sjølv etter nokre sekundar sprang eg for å hjelpe, fortel Kovařík.

– Han var heldigvis sikra, og isen som losna trefte heller ingen andre i klatrelaget, seier Kovařík, letta over at det gjekk bra denne gongen.

Klatraren sjølv, Roman Doležal, fortel til NRK at alt gjekk så fort at han ikkje rakk å tenke på kva som faktisk skjedde.

– Eg tenkte ikkje noko på at dette kunne vere slutten. Tida var ikkje inne, seier Doležal.

– Kunne vore fatalt

Det var Rjukan Arbeiderblad som fyrst omtalte videoen frå 2018, som blei kjent då ei veninne av Kovařík la han ut på Instagram denne veka.

Til avisa seier klatreekspert Jon Haukåssveen at den store isblokka som brakk truleg kan ha vege opp mot 200 tonn.

– Å bli med ein slik formasjon ned kunne vore fatalt. Det er store krefter i sving, seier Haukåssveen.

Tre dødsulykker dei siste ti åra

Dei siste ti åra har tre utlandske klatrarar døydd under klatring vinterstid i Rjukanområdet.

I 2009 døydde ei finsk kvinne då ho og ein annan klatrar fall då dei klatra i ein foss i Vestfjorddalen.

I februar 2015 døydde ein italiensk klatrar etter at han fall 30-40 meter i den islagte Rjukanfossen, og i januar 2017 omkom ein britisk mann i ei klatreulykke ved Gaustatoppen.

Redningsmannskaper ved Rjukanfossen

Redningsmannskap rykka ut til Rjukanfossen då ein mann omkom i ei klatreulykke der i 2015.

Foto: Lars Gunleiksrud

Brannvesenet har klatreredningsgruppe

Januar og februar er høgsesong for isklatring i Tinn, og klatrarar frå heile verda strøymer til Telemarkskommunen på denne tida og fram mot påske for å utfordre naturkreftene.

På grunn av den store tilstrøyminga av isklatrarar frå heile verda har brannvesenet på Rjukan har etablert ei eiga bergingsgruppe der alle har klatrekompetanse.

– Så og seie alle hendingane me har vore ute på er med utanlandske klatrarar, seier Gjermund Geirsta, som leier redningsgruppa i Tinn og Notodden.

Så langt i år har bergingsgruppa vore ute på tre redningsoppdrag etter isklatringsulykker.

Isklatring på Rjukan

Rjukan i Tinn er blant Europas mest populære destinasjonar for isklatring.

Foto: Anne Lognvik / NRK