Hopp til innhold

Inviterte heile turisthytta med på bryllaup

Dei fleste nordmenn blir fødde med ski på beina, men ikkje alle giftar seg på ski. Ingeling Bull og Sigbjørn Hesthammer Storli la like godt inn eit giftarmål på påsketuren.

Nygift par på Kalhovd

NYGIFTE: Ingeling Bull og Sigbjørn Hesthammer Storli gifta seg på Kalhovd turisthytte. Dei har overnatta her tidlegare, og ville gjerne attende hit.

Foto: Marius Dalseg Sætre

Paret frå Hvasser i Vestfold har valt ein utradisjonell stad for bryllaupet sitt, nemleg Kalhovd turisthytte i Tinn i Telemark. Måndag kveld vart alle påsketuristane inviterte med på bryllaupsmiddag, utan å veta noko på førehand.

– Det verkar som gjestane syntest det var gøy med eit «pop-up-bryllaup». Vi fekk ståande applaus da vi kom inn i salen, seier brud Ingeling Bull.

Brudeparet fortel at dei hadde lyst til å gifte seg i naturen. Da påskeferien vart lagt til høgfjellet, kom dei på at dei kunne ta bryllaupet i same slengen. Og feiringa vart akkurat slik dei såg for seg.

– Det er litt ruskevêr, men elles har alt vore som ein draum. Vi sa ja begge to, ler brudgom Sigbjørn Hesthammer Storli.

Bryllaup på påskefjellet

TILRÅR IMPULSBRYLLAUP: Det er vertskapet på Kalhovd som har lagt til rette for feiringa, med Kjersti Wøllo i spissen. Ho seier at det har vore stor stas å arrangere dette, og ho tilrår impulsbryllaup også til andre. – Det har vore ei heilt unik stemning i hytta i dag, seier Wøllo.

Foto: Marius Dalseg Sætre

Ynskjer fleire brudepar velkomen

Kristian Ranestad er ein av dei 49 gjestane som ante fred og inga fare, men som plutseleg var midt oppi eit bryllaup. Han seier det var ei strålande oppleving.

– Eg har gått over vidda sidan 70-talet, men aldri opplevd noko liknande. Nokre av gjestane song og steva til brudeparet, og det var ei fantastisk stemning.

Sjølve vielsen føregjekk ute i snøvêret. Der fekk både gjestar og tilsette på Kalhovd bli med, i tillegg til nokre få inviterte vennar. Monica Hägglund Langen i DNT fortel at dei ikkje er ukjende med bryllaup på hyttene sine, men vinterbryllaup er sjeldne.

– Det var eit fantastisk syn å sjå presten i kjortel på ski på veg forbi hytta.

Og Langen ynskjer fleire brudepar velkomen til fjellet.

– Er ein glad i naturen og ynskjer eit annleis bryllaup, er dette dei perfekte rammene.

Bryllaup på Kalhovd turisthytte

TIL ALTERS PÅ SKI: Vertskapet på Kalhovd har henta inn prest og snikra saman eit stort kors. Her er brudeparet saman med sokneprest Kristin Fæhn.

Foto: Marius Dalseg Sætre

Uvanleg bryllaupsreise

Medan andre gjerne legg bryllaupsreisa til varmare strøk, skal Bull og Storli feire ekteskapet med å gå «brudeferd over Hardangervidda».

– I morgon tidleg skal vi gå herfrå til Mogen, og vidare til Sandhaug og Litlos og Hellevassbu. Så endar vi opp på Haukeliseter laurdag. Da har vi gått om lag 15 mil, seier Bull.

– De kjem til å legge dykk tidleg, da, sidan de skal ut på lang tur i morgon?

– Det verkar ikkje som resten av brudefølgjet har lagt opp til at vi skal leggje oss tidleg, så vi får sjå!

Kalhovd Turisthytte

HARDANGERVIDDA: Kalhovd turisthytte ligg søraust på Hardangervidda, og er eit utgangspunkt for dei som vil krysse vidda.

Foto: Marius Dalseg Sætre

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark