NRK Meny

Ingen sensommer til helgen

Det vil bli perioder med sol på lørdag. På søndag vil det bli vått og det er sjanse for tordenbyger, melder Meteorologene.

Laster Twitter-innhold
  • Raskare utbygging av E18

    Det er etablert eit interkommunalt plansamarbeid for strekninga på E18 mellom Dørdal og Grimstad. Målet er ei raskare utbygging av strekninga. Bamble, Kragerø og fem kommunar i Aust-Agder er involverte i samarbeidet.

  • Eitt år og fem månadar fengsel

    Ein mann frå Notodden er i Aust-Telemark tingrett dømt til fengsel i eitt år og fem månadar for bedrageri. Han har mellom anna fått folk til å overføre store pengesummar i forskotsbetaling utan å gjennomføre handlane som avtalt.

  • Færre giftar seg

    Færre gifta seg i Telemark i 2017 enn året før, viser tal frå SSB. I fjor vart det inngått 577 ekteskap i fylket, som er ein nedgang på 59 vigslar frå året før. Samtidig auka talet på skilsmisser.

  • Straumbrot i Brevik

    Over tusen kundar er utan straum i Brevik. Årsaka er ein øydelagt kabel. Skagerak nett arbeider for å rette feilen. Dei reknar med at straumen er attende om nokre timar, seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes.