Hopp til innhold

Ingen mistenkte i hatbrev-saka

BØ (NRK): Politiet har ingen mistenkte etter at ein lærar i Bø fekk fleire brev med rasistiske ytringar. Mykje tyder på at saka blir lagt bort.

Bø skule

Tilsette ved Bø skule fekk fleire brev med rasistiske ytringar, men så langt har politiet ingen mistenkte i saka. Bø kommune melde saka til politiet.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Politiet har gjennomført fleire vitneavhøyr og følgt opp spor i saka. Dei har likevel ikkje fått noko gjennombrot.

– Saka er framleis under etterforsking hos politiet i Midt-Telemark. Det er gjennomført etterforskingsskritt i saka, men vi har ingen i dag med status som mistenkt eller sikta, Rollef Bergan, lensmann i Nome.

Det var i desember i fjor at Bø kommune melde ein eller fleire personar til politiet for hatkriminalitet.

Over ein lengre periode vart det sendt ut til saman fire brev med rasistiske ytringar retta mot ein lærar ved Bø skule. Breva dukka opp på trappa til rektor, hos leiaren i Foreldrenes arbeidsutval (FAU) og heime hos læraren sjølv.

Anonymt brev til lærer med hatytringer

Politiet vil gjerne ha fleire tips om nokon kan kjenne til kven som er avsendar til breva som blei sendt til Bø skule.

Foto: Bø kommune

Alle breva var anonyme, og saka har vore vanskeleg å løyse. Politiet var difor avhengig av tips frå publikum i saka.

– Vi har ikkje fått så store mengder med tips, men har vore i kontakt med fleire personar i lokalmiljøet, og ønskjer sjølvsagt fleire tips om nokon skulle sitte med kjennskap til kven som er avsendar til desse breva, seier Bergan.

Slik saka står no, utan nokre mistenkte og med få spor, er det ikkje utenkeleg at saka vert lagt bort.

– Det blir ei vurdering påtalemakta må gjere når ein kjem så langt. Men då må politiet først gjere dei etterforskingsskritta som kan vere relevante i saka, seier Bergan utan å utdjupe det nærare.

Olav Kasland

Ordførar i Bø. Olav Kasland, er glad politiet tok saka alvorleg.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Viktig å sette ned foten

Ordførar i Bø, Olav Kasland, reagerte kraftig da han fekk vite om breva.

– Det eg er mest glad for er at politiet tok dette veldig alvorleg, og sette i gang etterforsking med ein gong.

Kasland seier vidare at han skjønnar godt kor vanskeleg det er å løyse ei sak som dette. Han ser likevel verdien, sjølv om ein ikkje skulle finne den eller dei som står bak.

– Det viktigaste vi kunne gjere var å setje ned foten og gjere det klinkande klart at slike ytringar ikkje er greitt. Slik kan vi ikkje oppføre oss, seier Kasland.

– Kva synest du om at dei som har gjort dette kan sleppe unna med det?

– Eg synest i første rekkje synd på dei, for dei kan jo ikkje ha det så veldig godt i livet sitt når dei går med slike tankar. Viss dei har ungar, er det ekstra ille,

FAU vil ha ei markering på Bø torg den 16. februar. Læraren som har fått breva vil vere anonym i saka. Men Kasland seier at vedkommande blir tatt godt vare på av gode kollegaer, og har det etter forholda bra.